Andøya flystasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andøya flystasjon er ein militærbase for luftforsvaret som ligg på Andenes i Andøy kommune i Nordland fylke. Her ligg luftforsvaret sin 333-skvadron, med P-3 Orion overvakingsfly.

Flyplassen på Andøya vart bygd etter ønske frå NATO, og var ferdigbygd og operativ i 1957. Under den kalde krigen var basen svært viktig for forsvaret av Noreg. Flystasjonen er ei hjørnesteinsverksemd i Andøy kommune.

Det går òg sivile passasjerfly frå Andenes. Den sivile delen av flyplassen heiter Andøya lufthamn, Andenes.

Spire Denne transportartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.