Sandnessjøen lufthamn, Stokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandnessjøen lufthamn, Stokka

Sandnessjoen-lufthavn-wideroe-dash8-donnamannen.jpg

IATA: SSJICAO: ENST
Oversyn
Flyplasstype Sivil
Operatør Avinor
Tener Sandnessjøen
Stad Alstahaug kommune i Nordland
Høgd  17,1 moh
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
03/21 3563 1086 Asfalt
Statistikk (2011)
Passasjerar 100599
Flyreiser 6707
Frakt (tonn) 230

Sandnessjøen lufthamn, Stokka er ei sivil, regional lufthamn i Alstahaug kommune i Nordland fylke.

Lufthamna ligg på Stokka, om lag 11,0 kilometer sørvest for Sandnessjøen, og er eigd og driven av Avinor AS. Flyselskapet Widerøe flyr til og frå Stokka med flytypen De Havilland Dash 8-103. I tillegg transporterer Luftambulansen trengjande til og frå regionen. Lufthamna vart opna i 1968.

Ved rullebanen på Stokka er det råd om å lande i to retningar. Ved RWY03 kan det landast frå sør-sørvest mot nord-nordaust, medan det ved RWY21 kan landast frå nord-nordaust mot sør-sørvest. Tala i RWY03 og RWY21 er tal som oppgjev den magnetiske retninga til banen på eit 360-graders kompass runda av til næraste 10 heile grader. Rullebanen er 1086 meter lang og 30 meter brei.[1] Hausten 2006 vart nye tryggingssoner rundt rullebanen ferdige.[2]

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
Flag of Norway.svg Noreg Widerøe[3] Bodø, Brønnøysund, Mo i Rana, Mosjøen, Oslo, Trondheim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]