Brønnøysund lufthamn, Brønnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brønnøysund lufthamn, Brønnøy
Fil:Wideroe Dash 8 in Bronnoysund.jpg, Brønnøysund lufthavn.jpg
IATABNN
ICAOENBN
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerBrønnøysund
StadBrønnøy kommune i Nordland
Opna1968 Edit this on Wikidata
Høgd8 meter Edit this on Wikidata
Koordinatar65°27′40″N 12°13′3″E Edit this on Wikidata
Nettstadhttp://www.avinor.no/en/airport/bronnoysund Edit this on Wikidata

Brønnøysund lufthamn, Brønnøy ( IATA: BNN, ICAO: ENBN) er ei sivil, regional lufthamn i Brønnøy kommune i Nordland fylke. Lufthamna ligg om lag 2,0 kilometer søraust frå Brønnøysund, er eigd og driven av Avinor AS og vart opna 30. juni 1968.[1]

Flyplassen har asfaltert rullebane på 1200 meter. 26. mai 2008 vart det opna eit nytt terminalbygg på flyplassen. 10. mai 2010 opna Widerøe direkterute til Oslo lufthamn, Gardermoen, med fem vekentlege turar med Widerøe sine mellomstore Dash-8 (Dash 8-300) med 50 sete.[2]

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
Flag of Norway.svg Noreg CHC Helikopter Service Offshoretransport til Norne, Skarv og riggar på Nordlandskysten
Flag of Norway.svg Noreg Widerøe[3] Bergen, Bodø, Mo i Rana, Oslo, Sandnessjøen, Trondheim

Rullebane[endre | endre wikiteksten]

Kunngjorte banelengder
RWY TORA (M) ASDA (M) TODA (M) LDA (M)
04 1199 1199 1199 1199
22 1199 1199 1560 1199

Det har opp gjennom åra vore snakk om ei forlenging av rullebana, og det var i si tid eit vedtak på ei utviding tel 2000 meter, noko som vart stoppa. Teamet er no brakt på bana igjen etter at ei gruppa sentrale lokale næringslivsfolk, saman med Olav Thon, har teke iniativ til forlenging. Dei har peikt på nødvendigheita av ein større flyplass for å kunna utnytte det store potensialet regionen har i reiselivssammenheng og at det øvrige næringslivet og folkestanden generelt og vil ha stor nytte av ein flyplass som kan betjene større fly.

Ulykker[endre | endre wikiteksten]

Fredag 6. mai 1988, like før klokken 21, under innflygninga i spesielt dårleg sikt til Brønnøysund lufthamn, styrta eit Widerøe-fly av typen dash 7 mot ein fjellvegg i Torghatten, som ligger ca. 10 km søraust for flyplassen. Alle 36 om bord omkom. i 2018, 30 år etter, vart det laga ein dokumentarfilm av ulykka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]