Hattfjelldal flyplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hattfjelldal flyplass (ICAO: ENHT) er ein flyplass i Hattfjelldal kommune i Nordland fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lette småfly tok i bruk grasslettane i Hattfjelldal i 1933. Då tyskarane invaderte Noreg våren 1940, nytta dei Hattfjelldal som mellomstasjon då tyske fly bomba Narvik og troppetransportskip som låg utanfor Harstad. Dei la rullebanedekkje av tre, slik at dei kunne lande med tyngre Stuka (Ju 89)-fly. Tredekkje vart bytta ut med eit permanent dekkje av betong i 1943. Rullebana med det opphavlege betongdekkje er framleis i bruk.

Mellom bygningane som tyskarane bygde i tilnytting til flyplassen, er ein hangar som sidan 1950-talet har husa Arbors sponplatefabrikk. Òg det noverande kommunehuset i Hattfjelldal samt ein skule vart bygd av tyskarane under den andre verdskrigen.

Flyplassen vert nytta av Hattfjelldal flyklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]