Olav K. Bratås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav K. Bratås
Fødd20. juni 1901
Død1964 (62 år)
Verka somrosemålar

Olav Kristenson Bratås (20. juni 19011964) var ein kjend norsk spelemann og rosemålar frå Flesberg i Numedal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Olav var son av Kristen Kristenson Ribberud og Berit Gulliksdotter Suggerud. Båe foreldra døydde før Olav var tre år gamal, og Olav vart bortsett til besteforeldra på Ribberud. Etter ei stutt tid i Holmestrand flytte familien attende til garden Bratås i Numedal, og namnet Bratås vart hengande ved slekta. Olav budde her til han vart konfirmert.

Ein nær slektning, Nils Ribberud, spela fele, og det same gjorde søskenbarnet Kristen. Det var mykje spel i Stuvstadgrenda der Bratås ligg, og Olav synte givnad både for teikning og spel. Med tida kom han med i Målrørsla, og tok til å skrive namnet sitt som «Olav». Frå byrjinga hadde han heitt «Ole». Mellom vanlege folk i Numedal vart han tiltala som «Ola».

Levekår og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Olav Bratås fekk ikkje høve til å leva av spel og rosemåling. Han arbeidde ei tid ved Numedalsbanen, og dreiv noko med snikkararbeid. Han dreiv og med restaurering for Norsk folkemuseum på Bygdøy i Oslo.

Med tida vart Olav kjend som ein dugande kappleiksspelemann og fekk heiderleg omtale der. Han kjende det slåttetilfanget som var vanleg i Numedal på denne tida, attåt eit lang rekkje runddansar. Olav var mykje i lag med spelemenn frå Telemark og, mellom dei Eivind Mo, Dale-karane og Kristiane Lund. Elles var han i lag med Torleiv Bolstad frå Valdres.

Olav Bratås vart ein viktig mellomlekk i vidareføringa av det gamle spelet frå Flesberg. Han var og ein ivrig samlar, og gjorde mange amatøropptak av spelemenn i dalen, mellom dei fløytespelemannen Knut Juveli. Desse opptaka er i dag høgt skatta av yngre fløytespelarar, mellom dei Steinar Ofsdal og Per Midtstigen.

Rosemålaren[endre | endre wikiteksten]

Olav Bratås fekk ikkje måla så mykje som han gjerne ville, men det finst ei handfull møblar han har måla, som syner eit fint og stilreint handverk. Han utvikla sin eigen stil, tufta på den gamle rosemålinga frå Numedal.

«Ein skulle ynskje at samtida kunne gjeva folk som Olav K. Bratås den sjansen som dei fortente, men slik er det ikkje. Han hadde gjevi oss alle ein mykje større kulturarv dersom han fritt hadde kunna utfalda sine kunstnariske evner» (Jan H. Lislien).

Det vart utgjeve ein minne-CD i 2001 i høve hundreårsminnet hans Olav Bratås.