Anders Halvorsen Haneborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Halvorsen Haneborg
Fødd 15. februar 1767
Aurskog
Død

31. juli 1847
Aurskog

Yrke politikar, bonde

Anders Halvorsen Haneborg (15. februar 176731. juli 1847) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Aurskog i Akershus. Han var far til Ole Anderssen Haneborg.

Far hans var lensmann og gardbrukar i Aurskog. Sjølv tok han over drifta av farsgarden i 1792 og eigde garden til han i 1838 skøytte han over på sonen. Før han tok over garden, var han korporal i dragonkorpset frå 1785 til -97. I 1788 var han med i felttoget inn i Sverige som vaktmeister. Under krigen i 1814 deltok han som skyssinspektør.

Haneborg møtte på Stortinget 1818. Han var vald til 1. varamann frå Akershus amt og møtte i staden for Laurentius Borchsenius. Medlem av ni komitear, der i mellom av komiteen om handelsflagget, om matrikkellova, vernepliktslova og om utreiarlova. På Stortinget 1821 og omframstortinget var han 2. representant frå amtet, medlem av sju komitear. I 1821 var han på ny medlem av komiteane om matrikkellova og vernepliktslova, til saman var han med i sju komitear. I 1822 medlem av komiteen om uteståande skatt.

Han døydde på slektsgarden i Aurskog i 1847.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]