Andreas Aarflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Aarflot
Fødd 1. juli 1928
Hunan
Yrke prest
Periode 1976-1978
Føregangar Per Lønning
Etterfylgjar Gunnar Lislerud
Verv Preses i Den norske kyrkja
Periode 1977-1998
Føregangar Kaare Støylen
Etterfylgjar Odd Bondevik
Verv Luthersk biskop av Oslo
Periode 1977-1998
Føregangar Kaare Støylen
Etterfylgjar Gunnar Stålsett

Andreas Aarflot (fødd 1. juli 1928) er ein norsk teolog og biskop emeritus i Den norske kyrkja.

Aarflot vart fødd i Yiyang i Hunan i Kina, der mor og far hans tente Det Norske Misjonsselskap. Sjølv er han cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (1951) og dr. theol. frå Universitetet i Oslo (1970). Han hadde studieopphald i Heidelberg i Tyskland, i England og i USA og vart utnemnd til æresdoktor ved St. Olaf College (1987) og æresmedlem av Finska kyrkohistoriska sällskapet (1978).

Aarflot har mellom anna arbeidd for Den norske Sjømannsmisjon og Indremisjonsforbundet og gjort presteteneste i Røyken. Han arbeidde ved Menighetsfakultetet som stipendiat frå 1960, fakultetslektor frå 1968 og dosent frå 1970 før han vart professor i 1976. Same året vart han utnemnd til biskop i Borg bispedømme etter at Per Lønning trekte seg i protest mot abortlovgjevinga. I 1978 tok Aarflot over etter Kaare Støylen som biskop i Oslo og preses i bispemøtet.

I eigenskap av preses heldt han preika under signinga av Kong Harald V i Nidarosdomen 23. juni 1991. Aarflot vigsla Rosemarie Køhn til biskop. Ho var den første kvinnelege biskopen i Noreg og Norden. Han vart etterfølgd som biskop i Oslo av Gunnar Stålsett; utnemninga av Stålsett skapte debatt.

Aarflot vart rekna som ein moderat konservativ biskop og høyrde teologisk til sentrum i Den norske kyrkja.

I 1979 vart biskop Aarflot utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • En tro som bærer, Oslo 1998
  • med Carl Fredrik Wisløff, Norsk kirkehistorie, 3 bd., Oslo 1966-1971
  • Norsk kirke i tusen år, Oslo 1978
  • Norsk kirkehistorie i grunnriss, Oslo 1974
  • Kirke og stat i Noreg. frå reformasjonen til våre dager, Stavanger 1969
  • Tro og lydighet. Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse, Oslo 1969
  • Samtidsspeil eller fyrtårn?, 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]