Odd Bondevik
| Odd Bondevik | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 20. juni 1941 Sauda kommune |
| Død |
6. september 2014 (73 år) |
| Yrke | misjonær, luthersk prest |
| Verv | Preses i den norske kyrkja |
| Periode | 1998-2002 |
| Føregangar | Andreas Aarflot |
| Etterfylgjar | Finn Wagle |
| Verv | Biskop i Møre |
| Periode | 1991-2008 |
| Føregangar | Ole Nordhaug |
| Etterfylgjar | Ingeborg Midttømme |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
| Far | Kjell Bondevik |
| Odd Bondevik på Commons | |
Odd Bondevik (fødd 20. juni 1941 i Sauda, død 6. september 2014 i Drammen) var ein norsk teolog som var biskop i Møre bispedøme i Den norske kyrkja frå 1991 til 2008.
Bondevik var fødd i Sauda. Då han var åtte år, flytta familien til Oslo fordi faren, Kjell Bondevik, tok til på Stortinget som representant for Kristeleg folkeparti. I 1960 tok Odd Bondevik fatt på teologistudiet og i 1967 tente han verneplikta som feltprest. Tidleg i 1969 reiste han til Japan som misjonær for Det Norske Misjonsselskap (NMS). I 1978 kom han heim for å ta over stillinga som misjonssekretær ved NMS sitt hovudkontor. Frå november 1980 gjekk han inn i stillinga som generalsekretær og vart med det øvste leiar i den eldste misjonsorganisasjonen i Noreg. Han hadde denne stillinga til han vart vigsla til biskop i Møre 17. november 1991.
Odd Bondevik var syskenbarnet til den norske statsministeren Kjell Magne Bondevik.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |