Carl Fredrik Wisløff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Fredrik Wisløff
Wisloff03.jpg
Fødd 31. desember 1908
Drammen
Død

25. juni 2004

Yrke prest, omsetjar, teolog, skribent
Carl Fredrik Wisløff på Commons

Carl Fredrik Wisløff (31. desember 190825. juni 2004) var ein norsk luthersk teolog.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Carl Johan Fredrik Wisløff (Carl Fr. Wisløff) vart fødd i Drammen i 1908, til Nils Fredrik Wisløff og Dagny Johanne f. Waalmann. Han voks opp i Sarpsborg, der faren var statsingeniør.

Wisløff fullførde Examen Artium i 1927, 19 år gamal, og deretter teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet hausten 1931, og praktisk-teologisk eksamen same stad det påfølgjande året, vart ordinert til prest i Den norske kyrkja og tenestegjorde først som prest i Småkirken i Vaterland i Oslo og som sekretær i Norges Kristelige Student- og Gymnasiastlag. Som sekretær i Laget starta Wisløff i 1933 Credo Studentmagasin, berre 24 år gamal. Frå 1940 av gjekk han inn i teneste som sokneprest i Birkenes prestegjeld på Agder. I perioden frå 1959-67 var han med i eksekutivkomitéen for International Fellowship of Evangelical Students, og frå 1967 til 1979 president for same.

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1947 vart Carl Fr. Wisløff kalla til stillinga som rektor ved det praktisk-teologiske seminar ved Menighetsfakultetet. Her tenestegjorde han til han i 1961 vart utnemnd som professor i faget kyrkje- og dogmehistorie ved Menighetsfakultetet. Denne stillinga hadde han til han gjekk av ved aldersgrensa i 1975. Parallelt underviste han både i praktisk teologi og kyrkjehistorie ved Fjellhaug Skoler, Misjonsskolen og ved Lutheran Seminary i Kobe, Japan.

Wisløff fullførde sin teologiske doktorgrad ved Universitetet i Oslo med avhandlinga «Nattverd og Messe» i 1958. Dette var ei dogmehistorisk studie av oppgjerda til Martin Luther med romersk-katolsk messeofferlære.

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

Berre få år seinare leverte han ei avhandling i nyare norsk kyrkjehistorie, om det norske lekfolkets opposisjon mot «Oppropet til kristendommens venner» av 1883.

Wisløff har òg skrive lærebok i homiletikk (preikelære), samt to av tre band i Norsk Kirkehistorie, og ei oversikt i eitt band over Martin Luthers teologi, samt ei lang rad andre avhandlingar.

Meir enn noko anna er fulla Carl Fr. Wisløff kjend som forfattar av oppbyggelege og lettlesne skriftor. Mange av bøkene hans er seld i store opplag over fleire år. Ikkje minst har boka «Jeg vet på hvem jeg tror», hatt stort nedslag.

Vidare har han gjeve ut ei rad preikesamlingar, andaktsbøker som framleis sel i store opplag.[treng kjelde] Ein kan framleies få kjøpt ein forelesingsserie på 56 timer om dogmehistoria frå Luther til det Andre Vatikankonsilet.[treng kjelde]

Kampleiar[endre | endre wikiteksten]

Som teolog vart Carl Fr. Wisløff den som stod det lågkyrkjelege norske kristenfolk (pietistane, bedehusrørsla) nærast. Han tok ei klår stilling mot Verdskyrkjerådet (World Council of Churches, Kirkenes Verdensråd), og stod hele livet fast på at den liberale teologi, som stod for eit bibelkritisk grunnsyn, tok feil. Han var også ein motstandar av kvinnelege prestar.

Bibelomsetjar[endre | endre wikiteksten]

Etter at Carl Fr. Wisløff pensjonerte seg berre tre år før den moderniserte norske kyrkjebibelen kom ut i 1978, byrja han saman med Arthur Berg og Thoralf Gilbrant eit nitid arbeid for å få omsett ei ny språkleg utgåve av Bibelen som heldt fast ved dei gamle bibelomsetjingstradisjonane (konkordant omsetjing). Denne vart gjeve ut i 1988 av selskapet Norsk Bibel. Det har blitt hevda av fleire at denne omsetjinga kan vere Wisløffs fremste fagteologiske verk.[treng kjelde]

Bibliografi i utdrag[endre | endre wikiteksten]

Det er listeførd 121 bøker på Wisløff i Norsk Samkatalog. Ei rad av bøkene hans er omsett til andre språk.

  • Jeg vet på hvem jeg tror, Lunde forlag 1946
  • Ordet fra Guds munn, Lutherstiftelsens forlag 1951
  • Politikk og kristendom 1961
  • Norsk kirkehistorie bind 1 og 3, Luther forlag 1966 og 1971
  • Ordet om korset 1973
  • Kristne Kirkesamfunn 1974 (konfesjonskunnskap)
  • Lyset skinner i mørket 1976
  • Den lutherske bekjennelse og katolisismen 1980
  • 2000 år med Kristus 1981 (kyrrkehistorie)
  • Daglig Brød 1981 (andaktsbok)
  • Martin Luthers teologi 1984
  • Norsk Bibel 1988

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]