Andreas Austlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelsida til Andreas Austlid si Abc Bok.

Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Østre Gausdal, død 27. august 1926 på Toten) var ein norsk pedagog og forfattar. Han var den fyrste som gav ut ei nynorsk abc-bok og eit fullstendig lesebokverk på nynorsk, og grunnla Møre folkehøgskule.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Austlid var bondeson frå Gudbransdalen.[2] Han byrja ved Christopher Bruun sin folkehøgskule i Sel i oktober 1869.[3] Hausten 1872 drog han til Lom for å bli friskulelærar med støtte frå Bruun.[4]

I 1899 skipa han sjølv Møre folkehøgskule i Ørsta, og var styrar der fram til 1908.[5] I 1913 starta han folkehøgskule i Østre Gausdal.[1]

I 1880 vann han framfor mellom anna Ivar Aasen ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget om beste abc-bok på landsmål.[6][1] Ved ei ny tevling fekk han tilskot frå Stortinget til å gje ut ei utvida abc-bok som fekk illustrasjonar av Nils Bergslien. Lesebok fyr born, som først kom ut i 1889, var i bruk heilt fram til 1960-åra. Lesebok for folkeskulen, som han skreiv i tre bind frå 1902 til 1906, var det fyrste fullstendige leseverket på nynorsk og ei utviding av utgåva frå 1889.[1]

Tankar[endre | endre wikiteksten]

Aldri hadde vi tenkt slike tankar eller sett slike syner nokon av oss unge før; aldri hadde vi drøymt um at det fanst eit liv, so rikt, so fagert; aldri hadde vi visst at Gud var so herleg og god — og kunne faa oss menneskje òg so store og gode!

Communauté silhouette modif.jpg

Dei erfaringane Austlid sjølv hadde hatt i barndommen, prega i stor grad den seinare pedagogikken hans. Han hadde opplevd på kroppen at «bondespråket» han tala og kvardagen han kjende var til skam samanlikna med det dansk-norske. Han mislikte òg den overdrivne fokuseringa på synd i kristendomsundervisinga.[7] Til motsats var Christopher Bruun si formidling av bibelsoga ei openberring for han, ho gjorde bibelfigurane menneskelege og kunne få menneske til å blir «store og gode» lik Gud.[8] Også historiefaget gjorde lærarane levande på Bruun sin folkehøgskule, meinte Austlid.[9]

Kaa hadde eg so aa halde skule paa? Jau, eg ville gje desse bornom alt eg aatte, alt eg hadde vorte glad aatt, eg vilde gje døm meg sjølv

Salt fraa folkehøgskulen, 1926
Communauté silhouette modif.jpg

Då han sjølv fekk prøva seg som lærar, gav han ungar konfirmasjonsundervising gjennom forteljing, utan bruk av pugg som var vanleg på den tida, og styrte unna katekismen av Pontoppidan, som han hardt heldt fast ved «ikkje var nokor barnebok» og hadde lite å læra barna om religionen.[10] Han kom etterkvart opp i strid med representantar frå kyrkja fordi han ikkje ville læra skuleungane katekisma utanboks, men hadde støtte av presten i Lom, Honoratius Halling, som meinte meinte Austlid sine «frilærte» elevar var meir kunnskapsrike enn dei som berre pugga. Etterfølgjaren Brodal, som først stod steilt mot eit slikt brot mot tradisjonen, fekk etterkvart augo opp for den «frie» undervisinga.[11]

Arbeidet med abc-bøker byrja fordi Austlid ikkje ville gje ungane han underviste same dårlege opplevingar som han hadde hatt av ei dårleg tilrettelagt slik i barndommen. Han fann ut at ungane lærte godt å lesa om han brukte folkedikting, frå eventyr og soger til enklare regler, gåter og småsongar. Han brukte både av det han sjølv kunne, og fekk ungane til å skriva ned det dei hadde heimefrå.[12]

I leseverka sine ville han ta utgangspunkt i heimen og dagleglivet, ikkje framande skildringar som gjorde norske tilhøve stusslege og grå.[13] Austlid var levande oppteken av folkedikting, og formidla segner og eventyr.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Andreas Austlid

Digitaliserte verk av Austlid