Andreas Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Holm
Fødd24. april 1827
Kristiansand
Død4. februar 1886
Herefoss
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Andreas Theodor Holm (24. april 18274. februar 1886) var ein norsk landhandlar, ordførar og stortingsmann frå Kristiansand.

Holm var son til ein skipper. I yngre år var han kontorist hos sorenskrivaren i Herefoss. År 1852 kjøpte han sorenskrivargarden på Nes i Herefoss, der han sidan dreiv landhandel. Holm var ordførar i Herefoss frå 1858 til 1885. Attåt hadde han ei mengd kommunale verv. Også amtsrevisor i mange år.

Holm representerte Nedenes amtStortinget frå 1874 til 1885. Både i 1883 og 1885 vart han permittert, frå høvesvis 29. mars og 14. mars, begge gongane grunna sjukdom. Heile si stortingstid var han medlem av vegkomiteen. Frå 1880 var han også medlem av Lagtinget.

Vinteren 1886 døydde han i heimen sin i Herefoss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]