Andrej Silnov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Silnov


Fødenamn Андрей Александрович Сильнов
Statsborgarskap Russland
Fødd 9. september 1984 (39 år)
Sjakhty
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Venskapsordenen

Andrej Aleksandrovitsj Silnov (fødd 9. september 1984) er ein russisk høgdehoppar frå Sjakhty, europameister i øvinga i 2006 og olympisk meister i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Silnov vann gullmedaljen under friidretts-EM 2006 med eit hopp på 2,36 m. Dermed forbetra han den gamle 12 år meisterskapsrekorden til Steinar Hoen på 2,35 m. Ei veke etter friidretts-EM svinga Silnov seg over 2,37 m i Monaco, det beste høgdehoppet i verda det året.

Etter å ha tangert den personlege rekorden under i eit stemne i London den 25. juli 2008 vart han i siste stund teken med i den russiske troppen til Sommar-OL 2008 i Beijing. I den olympiske høgdetevlinga var han åleine om å ta seg over 2,36 m og fekk såleis gullmedaljen i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]