Annette Sikveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annette Sikveland
Fødd 25. april 1972
Stavanger kommune
Yrke skiskyttar

Annette Sikveland (fødd 25. april 1972) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Sandnes som var med på dei norske laga som vann gullmedaljar i lagtevlinga både under VM i skiskyting 1995 og i 1997. Ho var medlem av Figgjo Idrettslag før ho melde seg inn i Vestre Trysil IL.

Sikveland var ei av dei fire kvinnene som vart verdsmeistrar i lagtevlinga då VM i skiskyting 1995 fann stad i Antholz, der ho også gjekk tredje etappe for Noregs bronsekvinner i 4 x 7,5 km stafett. Dei andre på stafettlaget var Ann Elen Skjelbreid, Hildegunn Fossen og ankerkvinna Gunn Margit Andreassen. I 1997 vann Sikveland eit nytt VM-gull i lagtevlinga over 7,5 km under VM i skiskyting 1997 i Osbrlie i Slovakia. Her fekk ho også eit stafettsølv, einast Tyskland var sterkare enn dei fire norske kvinnene som var saman om både laggullet og stafettsølvet; systrene Ann Elen og Liv Grete Skjelbreid, Gunn Margit Andreassen og Sikveland. I same meisterskapen enda Sikveland på sjuandeplass i 7,5 km sprint, hennar beste individulle plassering i ein stor meisterskap. Under dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok Sikveland si tredje stafettmedalje, ein bronse, i lag med dei same tre som ordna VM-medaljar året i førevegen.

Sikveland stod fire gongar på sigerspallen etter individuelle renn i verdscupen i skiskyting, tre av dei i 1997-sesongen, og ein fjerde gong i 1998. Sin einaste triumf opplevde ho i Ruhpolding 19. januar 1997, etter 20 treff vann ho ein klar siger på 15 km. Ho vart nummer sju i verdscupen i skiskyting 1997.

Sikveland slutta som skiskyttar etter 1999-sesongen, plaga av ein kneskade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]