Anton Graff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Graff

Sjølvportrett, 1805/06
Statsborgarskap Sveits, Kongeriket Sachsen, Kurfyrstedømet Sachsen
Fødd 18. november 1736
Winterthur
Død

22. juni 1813 (76 år)
Dresden

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Sjanger portrettmåleri
Ektefelle Elisabetha Sophie Augusta Graff
Anton Graff på Commons

Anton Graff (18. november 173622. juni 1813) var ein sveitsisk portrettmålar, ein av dei fremste på 1700-talet. Han er kjend for å måla mange av personlegdomane i samtida. Sonen Karl Anton Graff var landskapsmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Graff var fødd i Winterthur i Sveits. Etter ei læretid hos Ulrich Schellenberg i fødebyen, budde han ei rekke år i Augsburg, der han ernærte seg som portrettmålar. Frå 1766 budde han i Dresden, der han som akademiprofessor og hoffmålar laga mange bilete med historiske og allegoriske motiv, måla i tidas smak. Også her måla han mange portrett.

Graff hadde ei stor stjerne i samtida. Portretta hans er fulle av liv og karakter, og er elles prega av ein frisk og kraftig koloritt. Best lukkast han med mannlege portrett. Graff var svært produktiv. Han portretterte dei fleste av dei mest framståande personane i samtida. Mellom desse finn ein Lessing i 1771, Johann Gottfried Herder, Moses Mendelssohn, Friedrich Schiller i 1785, Fredrik II av Preussen og Christoph Willibald Gluck. Hans siste arbeid, i 1811, var eit sjølvportrett. Han raderte også enkelte blad, og laga ein del teikningar med sølvstift.

Graff er rikt representert i det tyske nasjonalgalleriet i Berlin, i Dresden og Leipzig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anton Graff