Anton Harris
Anton Harris | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juli 1804 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Anton Theodor Harris (5. juli 1804–7. mars 1866) var ein norsk embetsmann frå Larvik, stortingsmann 1848 og 1851.
Far til Harris var skipper. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Christiania i 1822 og utdanna cand.jur. i 1829. Dei neste åra fungerte han fyrst som sorenskrivar og deretter som protokollsekretær i Høgsteretten. Frå 1836 var han byråsjef i Kyrkjedepartementet, perioden 1839-44 var han stiftsoverrettsprokurator i Christiania. Sidan var han stiftamtmann i Tromsø stift og amtmann i Finmarken 1844-53 og amtmann i Stavanger 1853-63. Siste leveåra var han sorenskrivar i Nordre Jarlsberg, busett i Sande i Vestfold.
Harris representerte Tromsø på stortinget 1848 og Tromsø og Hammerfest på stortinget 1851. I 1848 var han medlem i Næringskomite nr 1, i 1851 i Konstitusjonskomiteen og Arbeidarkomiteen. Allereie i 1837 var han med i ein kongeleg kommisjon om bergverkslova.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914