Anton K.H. Jakobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton K.H. Jakobsen
Fødd13. desember 1874
Død26. januar 1983
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Anton Karl Hagbart Jakobsen (13. desember 187426. januar 1983) var ein norsk lærar og politikar, fødd på Ramfjordnes i Tromsøysund herad. Han representerte valkrinsen Troms og VenstreStortinget i to åtskilde periodar i mellomkringsåra. Helge Jakobsen var son hans.

Anton K.H. Jakobsen var son til ein gardbrukar og fiskar busett på Balsnes i Tromsøysund. Stor leselyst i ungdomsåra førte til at han fekk gå forskule og Tromsø seminar, der han etter tre års skulegang i Tromsø tok eksamen i 1894. Sidan var han lærar ymse stader i Balsfjord og Tromsøysund til 1922, også kyrkjesongar i Tromsøysund frå 1912. Frå 1901 dreiv han garden Venset og tok elles til å utreie skuter som dreiv ishavet. Han var styremedlem i Tromsøysundets Sparebank frå 1904, og banksjef frå 1917 til 1959. Elles var Jakobsen medisinalkasserar 1917-24 i Troms fylke.

Jakobsen engasjerte seg i politikken for partiet Venstre. Han var samanhengande med i formannskapet i Tromsøysund frå 1922 til 1956, ordførar 1926-28 og 1932-34. Den siste treårsperioden som ordførar var han også formann i fylkestinget i Troms. Dei to valbolkane 1925-27 og 1934-36 var han stortingsrepresentant frå Troms fylke. Den fyrste treårsbolken hadde han sete i Administrasjonskomiteen. Han var landsstyremedlem i Venstre frå 1939 til -46.

Blant mange administrative verv var Jakobsen mellom anna formann i Nordnorsk Oljeselskap og Fiskeindustri frå 1933, og formann i Troms Fylkes Dampskibsselskap frå 1935. Då Arktisk Forening vart danna i 1947, vart han formann der òg. Han avvikla desse styreverva mot slutten av 1950-åra.

Jakobsen vart tildelt riddarkorset av St. Olav på 75-årsdagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]