Anton Martin Omholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anton Martin Omholt
Fødd21. februar 1855
Død28. januar 1922
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Anton Martin Knutsen Omholt (21. februar 18551922) var ein lærar, klokkar og stortingsmann frå Ytre Sandsvær i Buskerud. Han representerte partiet Venstre.

Omholt var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Asker i 1874, og var i åra 1876-84 lærar ved amtsskulen i Akershus. I 1884 fekk han stilling som lærar og kyrkjesongar i Efteløt i Sandsvær.

Frå 1887 var Omholt medlem av heradsstyret i Sandsvær, han var varaordførar 1898-1902 og ordførar frå 1902. Då kommunen vart delt frå 1908, var han ordførar i Ytre Sandsvær til 1910. I 1906 vart han medlem av amtsskulestyret, formann frå 1909. Han var dessutan forlikskommissær.

Omholt var valmann i Buskerud frå 1885 til 1903, då valmannsordninga vart fjerna. Frå 1910 til -15 var han Numedal krins sin representant på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen, sekretær i denne frå 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]