Antonin Artaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonin Artaud

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 4. september 1896
Marseille
Død

4. mars 1948 (51 år)
Paris, Ivry-sur-Seine

Yrke skodespelforfattar, skodespelar, lyrikar, filmmeldar, skribent, essayist, manusforfattar, kunstmålar, teaterskodespelar, filmskodespelar, prosaforfatter, filmregissør, regissør, komedieforfatter, performancekunstner
Språk fransk
Sjanger drama, essay
Antonin Artaud på Commons

Antonin Artaud (fødd 4. september 1896 i Marseille i Frankrike, død 4. mars 1948) var ein fransk dramatikar, poet, skodespelar og teaterregissør.

Mor til Artaud sette til verda ni barn, men berre Antonin og ei syster voks opp. Då han var fire år gammal, hadde Artaud eit alvorleg tilfelle av hjernehinnebetennelse, som gav han eit nervøst og irritabelt temperament som varte gjennom heile ungdomstida. Han leid også av nevralgi, stamming og alvorlege anfall av klinisk depresjon, som blei behandla med opium. Dette gjorde han avhenging av narkotiske stoff livet ut.

Foreldra sørgde for ei lang rekkje sanatoriumsopphald for den temperamentsfulle sonen. Desse blei både langvarige og kostbare. Opphalda varte i fem år, med ein pause på to månader i juni og juli 1916 då Artaud var innkalla til verneplikt i den franske hæren under fyrste verdskrigen. Han skal ha blitt dimittert fordi han var søvngjengar. I mars 1920 flytta Artaud til Paris for å begynna på ein karriere som forfattar, og oppdaga at han hadde eit talent for avant-garde-teater.

I ein alder av 27 år sendte han fleire dikt til tidsskriftet La Nouvelle Revue Française, men blei avvist. Det mest kjente verket hans, Le Théâtre et son double, kom i 1938. I januar 1948 blei Artaud diagnostisert med tarmkreft. Han døydde kort tid etterpå, den 4. mars 1948, åleine på ein psykiatrisk klinikk, sitjande på senga si, mens han heldt den venstre skoen sin i handa. Det var mistanke om at han døydde av ein overdose av stoffet kloralhydrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]