Apus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apus
Gaffelseglar, Apus pacificus, med reirmaterialar i nebbet Foto: Flickr-brukar Ozma
Gaffelseglar, Apus pacificus, med reirmaterialar i nebbet
Foto: Flickr-brukar Ozma
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Seglarar Apodidae
Slekt: Apus
Scopoli, 1777

Apus er ei biologisk slekt i seglarfamilien, Apodidae. Dei 21 artane i denne slekta er små til mellomstore seglarar, som berre førekjem i «den gamle verda», dei fleste av dei i Afrika. Av desse er 7 endemiske, 5 andre artar overvintrar eller hekkar i Afrika, men kan òg finnast andre stader. Fem artar hekkar i vestlege Palearktis, desse overvintrar nesten alle i Afrika sør for Sahara.

Den mest kjente representanten for slekta i Europa er tårnseglar, som er einaste seglaren som er utbreidd over det meste av verdsdelen. Andre artar av denne slekta som finst i Europa er alpeseglar og gråseglar, begge avgrensa til Sør-Europa. Kvitgumpseglar hekkar berre sør på Den iberiske halvøya. Kanariseglar lever på Kanariøyane og Madeira, og kan vitje Europa sommarstid.

Den største arten i slekta er gaffelseglar, Apus pacificus, i Asia og Australia med ei kroppslengd på 17 til 19,5 centimeter, den minste arten, småseglar, Apus affinis, er den minste med sine 12 centimeter. Dei beitar utelukkande på insekt og edderkoppdyr som dei fangar i flukt.

Vengene er lange og sigdforma, halen er lang i tilhøve til andre seglarar og djupt gaffelforma hos dei fleste artar, berre småseglaren har avskoren haleform. Beina er svært korte. Generelt for seglarar er små klør, men klørne er sterke og skarpe, saman med ein kraftig hale ei tilpassing for å gripe tak på vertikale flater.[1] Nokre artar kan vri alle tærne framover slik at dei saman fungerer som ein krok å henge etter.[2] Ein kan skilje mellom to variantar i fjørdrakt: Mørkare svart med lysare kvit hals og svart til middels brun med bleikare, mindre kontrastfylt hals.

Seglarane i slekta Apus hekkar i hòler og sprekkar, vanlegvis høgt oppe i fjellskrentar eller bygningar. Egga er vanlegvis små, og storleiken på kullet er skildra som 1-3 egg hos mange artar, somme spesifikt 2 egg, men nokre andre med opptil 4 eller 5 egg i kullet.

Seglarar minner om svaler, men er ikkje nært nærskylde, dette er eit døme på konvergerande evolusjon.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Apus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Alpeseglar, Apus melba, Alpine Swift, Linné, 1758, (LC)
  • Granittseglar, Apus aequatorialis, Mottled Swift, von Müller, 1851, (LC)
  • Kappverdeseglar, Apus alexandri, Alexander's Swift, Hartert, 1901, (LC)
  • Tårnseglar, Apus apus, Common Swift, Linné, 1758, (LC)
  • Kanariseglar, Apus unicolor, Plain Swift, Jardine, 1830, (LC)
  • Klippeseglar, Apus niansae, Nyanza Swift, Reichenow, 1887, (LC)
  • Gråseglar, Apus pallidus, Pallid Swift, Shelley, 1870, (LC)
  • Bekseglar, Apus barbatus, African Swift, Sclater, PL, 1866, (LC)
  • Somaliseglar, Apus berliozi, Forbes-Watson's Swift, Ripley, 1966, (LC)
  • Namibseglar, Apus bradfieldi, Bradfield's Swift, Roberts, 1926, (LC)
  • Gassarseglar, Apus balstoni, Madagascar Swift, Bartlett, 1880, (LC)
  • Gaffelseglar, Apus pacificus, Pacific Swift, Latham, 1801, (LC)
  • Tibetseglar, Apus salimalii, Salim Ali's SwiftLack, 1958
  • Shivaseglar, Apus leuconyx, Blyth's SwiftBlyth, 1845
  • Buddhaseglar, Apus cooki, Cook's SwiftHarington, 1913
  • Khasiseglar, Apus acuticauda, Dark-rumped Swift, Jerdon, 1864, (VU)
  • Småseglar, Apus affinis, Little Swift, Gray, JE, 1830, (LC)
  • Husseglar, Apus nipalensis, House Swift, Hodgson, 1837, (LC)
  • Horusseglar, Apus horus, Horus Swift, Heuglin, 1869, (LC)
  • Kvitgumpseglar, Apus caffer, White-rumped Swift, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC)
  • Kamerunseglar, Apus batesi, Bates's Swift, Sharpe, 1904, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (2017). Søk på artar i slekta Apus i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 26. november 2017
Referansar
  1. Chantler, P. (2017). Swifts (Apodidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 27. november 2017.
  2. Proctor, Noble S.; Lynch, Patrick J. (1993). «Chapters: 6.Topography of the foot; 11.The pelvic gridle; 12.The bones of the leg and foot Family». Manual of Ornithology. Avian Structure & Function. New Haven and London: Yale University Press. s. 70–75, 140–141, 142–144. ISBN 0-300-07619-3. 
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Apus