Gråseglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gråseglar

Status i verda: LC Livskraftig

Gråseglar Foto: Stavros Karabinas
Gråseglar
Foto: Stavros Karabinas
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Apodidae
Slekt: Apus
Art: A. pallidus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Pallid Swift
  • Vitskapleg namn
    Apus pallidus
    Shelley, 1855

    Gråseglar (Apus pallidus) er ein fugleart i seglarfamilien. Han hekkar rundt Middelhavet, på Kanariøyene og Madeira, i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya og rundt Persiabukta. Arten er ein sterk trekkfugl som overvintrar i eit belte i Afrika sør for Sahara, men avgrensa populasjonar i Afrika er standfuglar.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Gråseglarar liknar mykje på tårnseglar, både i storleik og i utsjånad. Kroppslengda er ca. 16 centimeter og vekta ca 42 gram.[1] På avstand er dette ein mørk, nær svart seglar med kvit strupe, kort, kløfta hale og lange, halvmåneforma venger i fluktbiletet. Samanlikna med tårnseglar har han ein aning kraftigare kroppsbygging, breiare og lysare strupeområde, og litt meir brunskjer i fjørdrakta. På kort avstand er skjelforma mønster synleg på undersida. Vengeslaga er litt langsamare enn hos tårnseglarar.

    Føda er insekt og edderkoppar som svevar i lufta.

    Lætet er eit høgt tørr skrik lik som slektningen sin, men med lågare tonehøgd.

    Hekkeområde er ofte knytt til kystar og øyer, men dei kan hekke så høgt som på 2700 moh. til dømes i Sierra Nevada i Spania.

    Den globale populasjonen er estimert til 250 000 til 2 mill individ og er trudd å vere stabil.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Chantler, P., Bonan, A. & Boesman, P. (2016) Pallid Swift (Apus pallidus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. desember 2016
    • Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    Referansar
    1. 1,0 1,1 Chantler et al, HBW Alive (2016)
    2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Apus pallidus. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. desember 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gråseglar