Svaler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svaler


Amursvale (Cecropis daurica)
Amursvale (Cecropis daurica)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hirundinidae

Svaler er ei gruppe sporvefuglar i familien Hirundinidae som er tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. I Europa brukast omgrepet svaler ofte om den eine arten låvesvale. Familien samlar omkring 83 artar i 18 slekter.

Svalene har ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein trur at denne familien har opphav frå Afrika der dei var hòlerugarar, i Afrika finn ein framleis størst artsmangfald av svaler.[1] Dei har òg utbreiing på ei rekkje oseaniske øyar. Mange europeiske og nordamerikanske artar er langdistansemigrantar, i motsetnad til vest- og sørafrikanske svaler som ikkje er trekkfuglar. Somme svaleartar er trua av utrydding grunna menneskelege aktivitetar, medan andre artar tar føremon av menneskelege påverknader på miljøet, og dei lever difor nær menneske.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svaler har ei evolusjonært konservativ kroppsform som er felles for heile familien, men med ulikskap i høve til andre sporvefuglar.[2] Dei har tilpassa seg jakt på insekt i flukt ved å utvikle ein slank straumlinjeforma kropp og lange spisse venger, noko som gjev gode evner til å manøvrere og halde ut langvarig flyging samstundes som dei kan veksle med stadige glidefluktar. Kroppsforma gjev grunnlag for særs effektiv flyging, som kostar 50-75 % mindre for svalene enn for andre sporvefuglar med tilsvarande storleik. Til vanleg beitar dei med ei fart på rundt 30-40 km/t, men dei er i stand til å nå snøggleik på mellom 50 og 65 km/t på transportetappar.

Nebbet hos sandsvaler er typisk for familien, kort og breitt
Foto: Axel Strauß

Akkurat som seglarar og natteramnar, som jaktar på ein liknande måte, har dei breie og korte nebb, men sterk kjeve og breitt gap. Kroppslengda varierer frå ca. 10-24 cm og vekta frå ca. 10-60 gram. Vengene er lange, spisse, og har ni primærfjør. Halen har 12 fjør med kraftig kløfta til mindre kløfta form, eller han kan vere tverr i enden. Ein lang hale aukar evna til manøvrering, og kan også fungere som kjønnsrelatert pryd, ettersom halen ofte er lengre hos hannfuglar enn hos hoer. Hofuglar av låvesvale vel truleg partnar på grunnlag av halelengda.

Beina er korte, og føtene er tilpassa å sitje snarare enn å gå. Men svalene er òg i stand til å gå og til og med springe, det gjer dei med ein subbete, vaggande gange.[3] Leggmusklane hos elvesvaler, Pseudochelidon, er sterkare og meir robuste enn hos andre svaler.[2][3]

Ei typisk fjørdrakt for fuglar i denne familien er skinnande mørk blå eller grøn på oversida og har einsfarga eller stripete underside, i regelen kvit eller raudleg. Hòlerugarar eller artar med biotop i tørre område eller fjellområde er ofte avdempa brune på oversida, slik som vi ser det hos sandsvale og klippesvale. Med unnatak frå skilnaden med ytre halefjør som hos mange artar er lengst hos vaksne hannfuglar, syner svaler liten eller ingen kjønnsdimorfisme.

Svaleungane er nakne og har lukka auge når dei vert klekt. Flygedyktige ungar har vanlegvis meir avdempa farger enn vaksne.

Utbreiing, habitat og trekk[endre | endre wikiteksten]

Svaler har ein verdsomspennande utbreiing, førekjem på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein art, kystsvale, er hekkefugl på ei rekkje oseaniske øyar i Stillehavet,[4] madagaskarsvale hekkar på Réunion og Mauritius i Det indiske havet,[5] og ei rekkje av trekkjande artar er vanlege omstreifarar til andre isolerte øyar og enda nokre sub-antarktiske øyar. Mange artar har utbreiing over enorme område, spesielt låvesvala som hekkar over det meste av den nordlege halvkula og overvintrar på det meste av den sørlege halvkula.

Breistripesvale er ein delvis migrant i Afrika
Foto: Jack Versloot

Familien brukar eit breitt spekter av habitat. Dei er avhengige av flygande insekt, og ettersom desse er vanlege over elvar og innsjøar vil dei ofte beite over vatn, men dei finst òg i opne habitat inkludert grasletter, open skog, savannar, myrer, mangrove og krattskog, frå havnivå opp til høge alpine område. Mange artar lever nær menneske i urbane område og i område med landbruk. Somme artar har utvida det naturlege utbreiingsområde. Til dømes arten pionérsvale, tidlegare med utbreiing på det australske kontinentet, starta med å kolonisere New Zealand i 1920, begynte å hekke der på 1950-talet og er nå ein vanleg fugl i landet.[6]

Artar som hekker i tempererte regionar migrerer til varmare område om vinteren når matgrunnlaget av insekt kollapsar i dei tempererte område. Artar som hekkar i meir tropiske område er ofte nær standfuglar, men somme tropiske artar er delvis migrantar eller gjer kortare trekk.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Ei tresvale ved reiret sitt som ligg i eit holrom i eit tre
Foto: Walter Siegmund

Svalene er ekstremt gode flygarar, og utnyttar dugleiken til å tiltrekkje seg ein make og å pare seg. Nokre artar, som mangrovesvale, er territoriale, andre er det ikkje, og hevdar berre rett om hekkestaden sin. Generelt er det hannfuglar som vel reirplass, og deretter lokkar til seg ei ho med song og flyging. Utstrekninga av territoriet varierer med arten, i kolonihekkarar plar hevde lite territorium, men det kan vere mykje større for dei med spreidde reirplassar. Utanfor hekkesesongen kan nokre artar danne store flokkar, og somme artar kan også kvile saman i flokkar. Ein trur det gjev vern mot predatorar som haukar og falkar. Slike kvileplassar kan vere enorme, ein vinterkvileplass for låvesvaler i Nigeria trekte til seg 1,5 millionar individ.[7] Ikkje-selskaplege artar dannar ikkje flokkar, men flygedyktige ungar hos desse artane kan vere saman med foreldra ei stund etter hekkesesongen.

Kosthald og fôring[endre | endre wikiteksten]

For det meste er svalene insektetarar, dei tar flygande insekt i flukt. Artar frå heile familien har eit breitt utval av insekt på menyen, frå dei fleste grupper av insekt, men samansetjinga av bytte i dietten varierer etter art og med årstida. Individuelle artar kan vere selektive, dei vel større byttedyr heller enn tilfeldig utval av insekt.[8] Dei søkjer å unngå visse typar byttedyr, særleg vil dei unngå stikkande insekt som bier og stikkekvefs. I tillegg til ei rekkje insektbyttedyr vil somme svaler om naudsynt bruke frukt og anna plantemateriale. I Afrika har ein registrert artar som et frøa frå akasia og smalstripesvale har nytta frøa som fôr til ungane sine.[2][9]

I regelen haustar svalene byttedyr i lufta, men nokre gonger snappar dei insekt frå greiner eller rett frå bakken. Flygemønsteret er prega av fart og akrobatikk med krappe svingar og krenkingar når dei jaktar bytte som er kjappe. Mindre kjappe byttedyr kan bli tatt i eit tregare flygemønster som inkluderer sirklar og sekvensar av vengeslag følgt av glideflukt. Om fleire svaleartar beitar over same område vil dei separere i ulike nisjar basert på høgda over bakken, nokre artar beitar nær bakken medan andre held seg på eit høgare nivå. Liknande separasjon oppstår kor svaler overlappar med seglarar. Det kan vere storleiken på byttedyr som avgjer valet av nisje.

Formering[endre | endre wikiteksten]

To mursvaler bygger reir av gjørme
Foto: Ken Thomas

Dei mest «primitive» artane hekkar i holrom, for eksempel i gamle hakkespettreir, andre artar grev hòler i mjukt materiale som i sandbankar.[2] Artane i slektene Hirundo, Ptyonoproggne, Cecropis, Petrochelidon og Delichon byggjer reir av gjørme som tørkar under overheng på stader som har vern både mot vêr og predatorar. Desse artane er mest vanlege i «den gamle verda», særleg i Afrika, medan holerugarar i regelen lever i «den nye verda». Artar med reir under overheng er meir sjeldne i område med mykje fuktig luft, slik luft fører til at reira smuldrar opp. Mange artar med reir i hòler og bergsprekkar hekkar i store koloniar. Hos artar med reir av gjørmematerial deltar begge kjønna i byggearbeidet, same fordeling finst hos artar som grev tunellar. I historisk tid har innføringa av menneskeskapte strukturar som låvar og bruer, saman med skogrydding, ført til ein overflod av plassar for rugekoloniar rundt om i verda, med monaleg utvida hekkeområde for enkelte artar. Fuglar som lever i store koloniar vil vanlegvis stri med både parasittisme og reirparasittisme.[10][11] Gamle hannar har størst utbytte av koloniruging, ettersom dei er i stand til å halde vedlike egne reir og å dra nytte av hyppige ekstraparkopulasjonar.

Flygeferdige låvesvaleungar ventar på å bli fora
Foto: Mila Zinkova

Par av modne svaler er monogame,[12] og par av ikkje-trekkande artar lever ofte nær hekkeområda heile året, men berre i hekkesesongen vert reirplassen forsvart mest intenst. Trekkjande artar kjem ofte tilbake til dei same hekkeområda kvart år, og kan velje det same reirområdet om hekkinga tidlegare har vore vellukka på plassen. Generelt vil første års hekkarar velje hekkeområdet nær plasser kor dei vart fødd og vaksen opp.[13] Artar i tempererte område forplantar seg sesongbetont, mens subtropiske og tropiske artar kan enten vere sesonghekkarar eller hekke kontinuerleg gjennom heile året. Sesonghekkarar synkroniserer hekking med insektaktiviteten, i tropane vanlegvis i regntida, men somme artar som safirsvale får ungekull i den tørre årstida for å unngå å bli trua av flaum ved elvebreddene som er hekkehabitatet deira.[2] Alle svalene vil forsvare reiret mot eggjegerar, artar som hekkar spreidd er meir aggressive mot predatorar enn kolonirugarar.[14] Samla sett er bidraga til omsorg for ungane frå mannlege svaler den høgaste av alle familiar av sporvefuglar.[2]

Svaleegga plar vere kvite, somme artar med gjørmereir har flekkete egg. I gjennomsnitt er kullet på rundt fire-fem egg i tempererte område og to til tre egg i tropane. Rugeplikta er delt hos nokre artar, hos andre rugar hofuglen aleine. Blant dei artar der hannen tar del i ruginga varierer bidraget frå hannfuglar frå art til art, kor nokre artar som mursvale deler likt, hos andre artar tar hofuglen mestepraten av ruginga. Sjølv hos artar der hannen ikkje rugar, kan hannfuglen sitje på egga for å redusere varmetap når hoa er ute. Rugeintervalla varer frå 5 til 15 minutt og vert etterfølgt av pausar med fôringsaktivitet. Rugetida er typisk 14-18 dagar.

Svaleungane er nakne ved klekking, vanlegvis med berre små duskar av dun. Auga er lukka og opnar ikkje heilt før opptil 10 dagar. Fjørene tar til å vekse etter nokre dagar, og ungane får varme frå foreldra fram til dei sjølv er i stand til å termoregulere. I det heile utviklar dei seg langsamt samanlikna med ungar i andre familiar av sporvefuglar. Vanlegvis fôrar ikkje foreldra ungane med enkeltinsekt, i staden lagar dei ein masse av frå ti til hundre insekt. Hannar hos alle artar tar del fôring av ungar. Det er vanskeleg å avgjere om svaleungar er flygedyktige, foreldra lokkar ungane ut av reiret etter tre veker, men ofte trekk ungane attende til reiret for å kvile.

Song[endre | endre wikiteksten]

Svalene er i stand til å produsere mange forskjellige kall eller songar, som brukast til å kommunisere med andre av same art, under frieri, eller som varsellyd når predatorar kjem nær området. Songane frå hannar kan uttrykkje tilstanden til fuglen og ein antar at hoer kan vurdere den fysiske stoda ut frå songen og om hannar er eigna til paring.[15] Ungar nyttar tiggelydar mot foreldra for å ytre trong til fôring. Den typiske songen frå svalene er enkle, nokre gonger musikalske kvitter.

Svaler i folketrua[endre | endre wikiteksten]

I samband med at svalene blir borte om hausten i tempererte område, var det i oldtida vanleg å tru at mange svaler gjekk i dvale, til og med at dei gjekk under vatn. I eventyret Jomfru Maria og svala seier jomfrua til svala: «både nyste og saks skal du bere til merke, og om vinteren skal du liggje på botnen av sjøar og tjern»,[16] vitskapen meinte også fram til 1800-talet at svala overvintra i tjern.[17][18] Aristoteles skal ha meint det same om storkar og glenter. Det finst mange munnhell og tradisjonshistorier om svaler somme av dei handlar om svaler som varslar, særleg om vêr. Også uttrykket «Ei svale gjev ingen sommar» kan ha opphav frå antikken og referer til ei historie kor einkvan ser ei svale, sel vinterkleda sine, men skjelv av kulde når vinteren kjem att neste dagen.[19] Andre slike munnhell handlar om svaler som lykkefuglar, i Skåne finst ordtaket «Där svalan bygger sitt bo skall lyckan gro».[20][19]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Svale kjem av norrønt 'svala',[21] og kan tyde 'den som rører seg hit og dit', den flagrande.[19]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Svaler i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

  • Pseudochelidon
  • Pygochelidon
  • Alopochelidon
  • Orochelidon
  • Atticora
  • Stelgidopteryx
  • Progne
  • Tachycineta
  • Riparia
  • Phedina
  • Ptyonoprogne
  • Hirundo
  • Cecropis
  • Petrochelidon
  • Delichon
  • Psalidoprocne
  • Pseudhirundo
  • Cheramoeca




Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Turner, Angela; Rose, Chris (1989). Swallows and martins: an identification guide and handbook. Houghton-Mifflin. ISBN 0-395-51174-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Turner, Angela (2004). «Family Hirundinidae (Swallows and Martins)». I Josep del Hoyo, Andrew Elliott, David A. Christie (eds). Handbook of the Birds of the World. Volume 9. Lynx Edicions. ss. 602–638. ISBN 84-87334-69-5. 
  3. 3,0 3,1 Gaunt, Abbot (1969). «Myology of the Leg in Swallows». Auk 86 (1): 41–53. 
  4. Pratt, H.; Bruner, P & Berrett, D. (1987). The Birds of Hawaii and the Tropical Pacific. Princeton: Princeton University Press. ss. 229. ISBN 0-691-08402-5. 
  5. Sinclair, Ian; Olivier Langrand (2005). Birds of the Indian Ocean Islands. Struik. ss. 118. ISBN 9781868729562. 
  6. Tarburton, M.K. (1993) A Comparison of the Breeding Biology of the Welcome Swallow in Australia and Recently Colonized New Zealand Emu 93 (1): 34 - 43
  7. Bijlsma, Rob G.; Bennie van den Brink. «A Barn Swallow Hirundo rustica roost under attack: timing and risks in the presence of African Hobbies - Falco cuvieri». http://ardeajournal.natuurinfo.nl/ardeapdf/a93-037-048.pdf. Henta 2009-12-12. 
  8. McCarty, John P.; David W. Winkler (1999). «Foraging Ecology and Diet Selectivity of Tree Swallows Feeding Nestlings». Condor 101 (2): 246–254. 
  9. Underhill, L & J Hofmeyr (2007) «Barn Swallows Hirundo rustica disperse seeds of Rooikrans Acacia cyclops, an invasive alien plant in the Fynbos Biome». Ibis 149 (3): 468 - 471
  10. Brown, C & M Brown (1986) Ectoparasitism as a Cost of Coloniality in Cliff Swallows (Hirundo pyrrhonota). Ecology 67 (5): 1206-1218
  11. Brown, C (1984) Laying Eggs in a Neighbor's Nest: Benefit and Cost of Colonial Nesting in Swallows. Science 224 (4648): 518 - 519
  12. «Hirundinidae». http://www.eeb.cornell.edu/winkler/botw/hirundinidae.html. Henta 2009-12-12. 
  13. «Swallows (Hirundinidae): Information from Answers.com». http://www.answers.com/topic/swallows-hirundinidae-biological-family. Henta 2009-12-12. 
  14. Snapp, B (1976). «Colonial Breeding in the Barn Swallow (Hirundo rustica) and Its Adaptive Significance». The Condor 78 (4): 471-480. http://elibrary.unm.edu/sora/Condor/files/issues/v078n04/p0471-p0480.pdf. Henta 2009-12-12. 
  15. Saino N, Galeotti P, Sacchi R & A Møller (1997) «Song and immunological condition in male barn swallows (Hirundo rusticaBehavioral Ecology 8 94): 364-371
  16. «Asbjørnsen og Moe eventyr - Jomfru Maria og svala». http://oaks.nvg.org/asmo101.html. Henta 2009-12-12. 
  17. «Store norske leksikon - fugletrekk». http://www.snl.no/fugletrekk. Henta 2009-12-12. 
  18. «NPWRC :: Migration of Birds». http://www.npwrc.usgs.gov/resource/birds/migratio/ideas.htm. Henta 2009-12-12. 
  19. 19,0 19,1 19,2 Berg, Arngeir; Øivind S. Jorfald. Fugler og folketro. Oslo: Pantagruel. ISBN 978-82-7900-427-1. 
  20. Blogger frå Skåne
  21. Nynorskordboka på nett: 'svale'

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]