Are Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Are Næss
Are1.jpg
Fødd14. november 1942
Bergen
NasjonalitetNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, lege, professor

Are Næss (fødd 14. november 1942) er ein norsk medisinar og politikar frå Bergen. Han var professor ved Haukeland sjukehus og i tida 1993-2001 stortingsrepresentant frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti.

Næss var son til ein lektor. Sjølv utdanna han seg i medisin og vart 1972 cand.med. og 1981 dr.med. Etter eitt år som turnuskandidat i Bergen og Radøy, arbeidde han 1974-75 som assistentlege på den nevrologiske avdelinga ved Haukeland sjukehus, før han i 1975-77 hadde sitt virke på den medisinske avdelinga på Diakonissehjemmet sjukehus i Bergen. Frå 1977 til-79 var han NAVF-stipendiat. Sidan arbeidde Næss frå 1979 på ny ved Haukeland sjukehus, frå 1983 som spesialist i indremedisin og frå 1986 som spesialist i infeksjonssjukdomar. Perioden 1985-91 var han førsteamanuensis ved Haukeland sjukehus, deretter professor same staden. Gjennom åra fekk Næss prenta mange engelskspråklege artiklar om og frå fagfelt sitt.

Næss engasjerte seg partipolitisk for Kristeleg Folkeparti. I tida 1990-97 var han landsstyremedlem i partiet, medan han i perioden 1993-97 representerte partiet og Hordaland på Stortinget. Som tingmann var han dei fire fyrste åra sekretær i Forsvarskomitéen, dessutan visesekretær i Odelstinget. Tingbolken 1997–2001 var han sekretær i Sosialkomitéen. Elles var Næss 1994-2001 styremedlem i Avholdsfolkets Landsråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]