Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Arena (fleirtyding).
Arenaen i Verona.

Arena er eit avgrensa område med tribunar rundt der ein kan driva med idrett, halda konsertar og ha liknande arrangement. Arenaene kan vera spesialiserte for eit formål, til dømes ein særskild idrett, eller vera lettare å tilpassa til ulike arrangement.

Opphavleg var arenaer sandstrødde sirkulære eller ovale opne kampplassar i romerske amfiteater. Ordet kjem frå latin harena, ein finkorna sand som vert nytta for å suga opp og dekka blodet som gladiatorane gav opphav til.[1]

Arenaer i verda[endre | endre wikiteksten]

Arena i gamle Vest-Armenia
Arenaen Madison Square Garden i New York i USA.

Det best kjende dømet på ein arena i historia er Colosseum i Roma, oppført i åra 72–80 med plass til minst 50 000 tilskodarar. På sitt mest utbygde kunne Colosseum husa 85 000 tilskodarar. Berre 24 moderne arenaer har plass til eit større publikum. Døme på amfiteateranlegg som er konstruerte for å kunna ta imot ei stor mengd tilskodarar er Rose Bowl i Pasadena i USA.

Moderne arenaer har stadig funksjonen å visa teater, musikkførestlilingar eller idrettsarrangement. Dei består av ei stor open flate som er omgjeven på alle sider av opphøgde sete eller benkar for tilskodarane, vanlegvis i trappetrinnsformasjon. At flata ligg nedanfor tilskodarane gjev dei maksimal utsikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Claridge, Amanda (1998). Rome: An Oxford Archaeological Guide, Oxford, UK: Oxford University Press, 1998., s. 276–282. ISBN 0-19-288003-9.