Argentinsk Antarktis

Koordinatar: 75°00′S 49°30′W / 75.000°S 49.500°W / -75.000; -49.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Argentinsk Antarktis.
Plasseringa til Argentinsk Antarktis.

Argentinsk Antarktis (spansk Antártida Argentina) er ein sektor av Antarktis som Argentina har gjort krav på og som dei reknar som ein del av sitt nasjonale territorium, sjølv om dette kravet ikkje er internasjonalt anerkjent og overlappar med britiske og chilenske kravområde i Antarktis. Argentinsk Antarktis består av Den antarktiske halvøya og ein trekanta seksjon som strekkjer seg til Sørpolen, og som er avgrensa av lengdegradene 25° V og 74 °V og breiddegraden 60° S.[1] Administrativt er Argentinsk Antarktis eit department i provinsen Tierra del Fuego, Antarktis, og Dei søratlantiske øyane. Styresmaktene for provinsen held til i Ushuaia og guvernøren peikar årleg ut ein fullmektig for den antarktiske regionen.

Den argentiske utforskinga av kontinentet starta tidleg på 1900-talet. José María Sobral var den første argentinaren som sette fot i Antarktis i 1901, og han var her to periodar med Den svenske antarktiskekspedisjonen til doktor Otto Nordenskiöld. Kort tid etter, i 1904, var Orcadas-basen alt fullt operasjonell. Fleire år seinare vart det oppretta andre basar, somme permanente og somme berre i drift til tider av året. Den første argentisnke ekspedisjonen som nådde Sørpolen var Operación 90 i 1965.

Dei argentinske oppgåvene i Antartis vert styrte av Instituto Antartico Argentino.

I følgje den siste argentinske folketeljinga i oktober 2010, budde det 230 folk i seks permanente basar, inkludert ni familiar og 16 barn: 75 i Marambio, 66 i Esperanza, 33 i Jubany, 20 i San Martín, 19 i Belgrano II og 17 i Orcadas.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei geografiske strukturane i Argentinsk Antarktis er eit framhald av somme av strukturane i Patagonia, som ligg nord for sektoren. Dei høgaste toppane ligg sør for Den antarktiske halvøya, med øyar og øygrupper i nærleiken. Dette landområdet ligg under eit isdekke.

Regionen har polarklima med sterk vind, snø og tjukt skydekke.

Argentinske basar[endre | endre wikiteksten]

Esperanza og Marambio er dei største argentinske basane, med i alt 70 bygjingar og i snitt 110 menneske som overvintrar, og opp mot 250 menneske om sommaren. Orcadas-basen ligg på Sør-Orknøyane utanfor det antarktiske fastlandet og var den første basen i verda i Antarktis. Han har vore i kontinuerleg drift sidan 1903. Den sørlegaste permanente argentinske basen er Belgrano II, ved 77 grader sør. Den sørlegaste sommarbasen er Sobral, som ligg 1450 km frå Belgrano II.

Basane får forsyningar frå skipa ARA «Puerto Deseado», ARA «Suboficial Castillo» og ARA «Almirante Irízar», samt fly.

Fartøy i Hope Bay i Antarktis.
Argentinske basar i Antarktis (permanente basar i raudt).
Isbrytaren «Almirante Irizar» har vore hovudforsyningslinja for argentinske basar i Antarktis sidan 1978.

Permanente[endre | endre wikiteksten]

Sesongbaserte[endre | endre wikiteksten]

Leirar og anna[endre | endre wikiteksten]

(64 i alt)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

75°00′S 49°30′W / 75.000°S 49.500°W / -75.000; -49.500