Geografiske ytterpunkt i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei liste over geografiske ytterpunkt i Antarktis.

Antarktika[endre | endre wikiteksten]

Antarktika er sjølve kontinentet som ligg kring Sørpolen, medan Antarktis i følgje Antarktistraktaten er definert som alt land og alle isbremmar sør for 60. sørlege breiddesirkelen.

Andre ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

  • Sjølv om ein finn dyreliv som pingvinar og selar langs kysten av heile Antarktis, finn ein berre blømande planter nord på Den antarktiske halvøya.
  • Den høgaste temperaturen som er målt i Antarktis er 14,6 °C ved Vanda-stasjonen (administrert av New Zealand) den 5. januar 1974.
  • Den lågaste temperaturen som er registrert så langt i Antarktis er -89,2 °C ved Vostok (administrert av Russland) den 21. juli 1983.
  • Den kraftigaste vinden som er registrert på kontinentet var ved Commonwealth Bay (66°54′S 142°40′E), som er kring 48 km brei ved inngangen mellom Point Alden og Cape Gray i Australian Antarctic Territory. Vinden når ofte over 200 km per time her. Den kraftigaste vinden vart registrert ved basen Belgrano II på 351 km/h.
  • Antarktis har den lågaste årsmiddelnedbøren i verda (null ved den geografiske Sørpolen) og er dermed det tørraste kontinentet i verda.
  • Trass i dei låge nedbørsmengdene finst kring 70% av ferskvatnet på jorda (som 90% av isen på jorda) her.

Sørishavet[endre | endre wikiteksten]

Sørishavet er det sørlegaste av verdshava. Definisjonen av den nordlege grensa til havet varierer frå land til land, men ligg generelt mellom 40° og 60° S. Kilometrane som er nemnde under er avstanden til Sørpolen.

Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Argentina

Chile

Storbritannia

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Oseania[endre | endre wikiteksten]

Australia

New Zealand

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historic Sites & Monuments i Antarktis, International Polar Heritage Committee

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]