Britisk Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
British Antarctic Territory
Britisk Antarktis sitt flagg.
Britisk Antarktis sitt flagg.
Britisk Antarktis sitt våpen.
Britisk Antarktis sitt våpen.
Flagg Våpen
Antarktis, med Britisk Antarktis i raudt.
Antarktis, med Britisk Antarktis i raudt.
Status britisk oversjøisk territorium
Kong
Kommissær
Visekommissær
Administrator
Charles III
Paul Candler
Jane Rumble
George Clarkson
Hovudstad London (administrativt)
Rothera forskingsstasjon (hovudbase)
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

1,709,400 km²
Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 250 (2023)
ca. /km²

Verdsdel Antarktis
Internet-domene .aq
Tidssone UTC
Internasjonal telefonkode {{{Telefon}}}
Nasjonalsong God Save the King

Britisk Antarktis (BAT: British Antarctic Territory) er ein sektor i Antarktis som Storbritannia har gjort krav på som eit av sine 14 britiske oversjøiske territorium. Området dekkjer regionen sør for 60 °S til Sørpolen og mellom lengdegradene 20 °V og 80 °V. Området overlappar kravområda til Argentina (Argentinsk Antarktis) og Chile (Chilensk Antarktis). Territoriet vart danna 3. mars 1962, sjølv om det britiske kravet går attende til Letters Patent i 1908 og 1917. Området dekkjer no tre regionar som før 1962 vart adminsitrert av britane som eigne biland under Falklandsøyane: Graham Land, Sør-Orknøyane og Sør-Shetlandsøyane. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 1 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]

Området er busett av besteninga på forskingsstasjonane som vert drivne og vedlikehaldne av British Antarctic Survey og andre organisasjonar, og stasjonane til Argentina, Chile og andre land. Det er ingen faste innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia har hatt eit kontinuerleg nærvær i Sør-Atlanteren sidan 1833 då dei la Falklandsøyane under britisk statsvelde. I 1908 utvida britane territorialkravet sitt med å legge til Sør-Georgia, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Sandwichøyane og Graham Land. Desse ligg alle i Sør-Atlanteren og på det antarktiske kontinentet sør for 50 ºS og mellom 20º og 80 ºV.[2] All desse territoria vart administrert som Falkland Islands Dependencies frå Stanley av guvernøren av Falklandsøyane.

I 1943, under andre verdskrigen, utførte britane ein militær operasjon kalla Operasjon Tabarin, for å rekognosere i og få meteorologisk informasjon frå Sør-Atlanteren. Dette «hemmelege» militære prosjektet vart det sivile Falkland Islands Dependencies Survey og sidan British Antarctic Survey (BAS). BAS er ansvarleg for det meste av den vitskaplege forskinga til Storbritannia i Antarktis. I 1950-åra vart Antarktistraktaten forhandla fram for å demilitarisere regionen og definerte alle land- og isområde sør for 60 °S for fredelege føremål. Avtalen tredde i kraft i 1961.

Anerkjenning[endre | endre wikiteksten]

Antarktistraktaten anerkjenner eller motstrider ikkje nokre territorialkrav og lar dette vere opp til kvart enkelt medlemsland å avgjere.[3] Dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent nokre nasjoanle krav i Antarktis.[4] Storbritannia, Frankrike, Noreg, New Zealand og Australia, som alle sjølv har territorialkrav på kontinentet, har alle anerkjent kvar sine kravområde.[5][6] Argentina og Chile motstrider det britiske kravet og har sine eigne motkrav som overlappar både Storbritannia og kvar andre sine kravområde (sjå Argentinsk Antarktis og Chilensk Antarktis).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Signy forskingsstasjon og panorama på Sør-Orknøyane.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Britisk Antarktis omfattar Den antarktiske halvøya, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane og talrike andre øyar, Ronne isbrem (Weddellhavet), delar av Coats Land og ein trekanta sektor i Antarktis som endar ved Sørpolen.

Over 99 % av landområdet er dekt av permanent isdekke, opp til 5 km tjukt.[7] Det høgaste fjellet i området er Mount Jackson på Den antarktiske halvøya, 3184 moh.[7]

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Det er særs få planter i Britisk Antartkis og det meste av dei er mosar og lav, men her finst to blomsterplanter: antarktisk hårgras and antarktisk perleurt.[8]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Mange fugleartar, mellom anna sju pingvinartar hekkar Britisk Antarktisk. Her finst òg seks selartar.[8]

Adminsitrasjon[endre | endre wikiteksten]

Britisk Antarktis vert administrert av Foreign and Commonwealth Office (FCO). Ein kommisjonær vert utpeikt som leiar av området.

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Rothera forskingsstasjon.

British Antarctic Survey har to permanent bemanna forskingsstasjonar i territoriet:[9][10]

Signy var i drift frå 1947 til 1996 og vert no berre bemanna om sommaren.[11] I tillegg finst det to sommarbemanna stasjonar ved Fossil Bluff og Sky Blu.

Faraday var i drift fram til 1996, då han vart seld til Ukraina og fekk namnet Akademik Vernadsky Station.[12]

Sidan 1996 har den historiske basen ved Port Lockroy på Goudier Island vore bemanna av UK Antarctic Heritage Trust om sommaren. Her kjem det kring 10 000 vitjande kvart år og er ein av dei mest vitja stadane på kontinent. Vitjande kan vitje museet, kjøpe suvenirar, poste brev og kort og sjå den store bøylepingvinkolonien.[13]

Argentina har hatt ein base i territoriet sidan 1903, Orcadas-basenSør-Orknøyane. Dette var den første basen i Antarktis.

Fleire andre land har basar i territoriet, mange på Sør-Shetlandsøyane.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «US National Science Foundation - Office of Polar Programs - The Antarctic Treaty». Henta 13. oktober 2012. 
  2. International law for Antarktis, s. 652, Francesco Francioni and Tullio Scovazzi, 1996
  3. Antarktistraktaten, National Science Foundation, Office of Polar Programs
  4. CIA World Factbook, arkivert frå originalen 12. april 2020, henta 13. oktober 2012 
  5. Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events - R. K. Headland - Google Books. Books.google.co.uk. 23. februar 1990. Henta 13. august 2012. 
  6. ben cahoon. «Britisk Antarktis». Worldstatesmen.org. Henta 13. august 2012. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Britisk Antarktis, Country Facts, Foreign & Commonwealth Office
  8. 8,0 8,1 Commonwealth Secretariat Website
  9. «forskingsstasjons i Antarctic». British Antarctic Survey. Arkivert frå originalen 8. mars 2014. Henta 13. oktober 2012. 
  10. Extreme Engineering: the challenges of working i Antarktis, Ingenia, September 2005, arkivert frå originalen 2. oktober 2011, henta 13. oktober 2012 
  11. «Signy forskingsstasjon». British Antarctic Survey. Arkivert frå originalen 8. mars 2014. Henta 13. oktober 2012. 
  12. «Faraday Station - History». British Antarctic Survey. Henta 13. oktober 2012. [daud lenkje]
  13. «Port Lockroy». UK Antarctic Heritage Trust. Arkivert frå originalen 21. mai 2008. Henta 13. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Britisk Antarktis