Arius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arius (gr. Areios) (født ca. 250, død ca. 336) var ein libyisk kyrkjemann og presbyter. Han var elev av Lucianus av Antiokia, presbyter i Alexandria og opphavsmann til den såkalla arianismen.

Arius ønskte å gjere kristendomen intellektuelt respektabel for ikkje-truande i samtida. Arius var påverka av Platon, som hadde hevda at Gud er æveleg og umogleg å kjenne. Jesus kunne ikkje seiast å vere Gud i ein slik forstand, fordi han hadde gjeve seg til kjenne på jorda som menneske, og sidan vi kjenner til gjerningane hans gjennom evangelia. Arius meinte at dette måtte medføre at Jesus kom etter Gud og såleis var skapt av Gud, jamvel om ein aksepterer at Jesus er skapt før Gud skapte noko anna. Sidan Gud ifølgje Arius er einskapleg og udeleleg, kan Gud heller ikkje ha skapt Jesus av sin eigen substans.

Eit ariansk dåpskapell reist av den austergotiske kongen Theodoric på 500-talet i Ravenna i Italia.

Tankane til Arius innebar at Jesus vart underordna Faderen i Treeininga, og skapt av Gud or ingenting. Teologien hans vart populær mellom mange vanlege innbyggjarar i Alexandria, men møtte skarp kritikk frå andre delar av kyrkja i løpet av år 318. Han vart snart fordømd av ein synode av egyptiske biskopar med biskop Alexander av Alexandria i spissen. Sin fremste støttespelar fann Arius i biskop Eusebius av Nikomedia, biskop i ein by som inntil bygginga av Konstantinopel hadde vore hovudstaden i Austromarriket. Eusebius var ein mektig mann som lukkast med å samle støtte for Arius i kyrkja, men keisar Konstantin den store såg farene som låg i kyrkjeleg splid og kalla inn til kyrkjemøte i Nikea i 325 for å rydde opp i usemjene.

keisar Konstantin deltok i eigen person på kyrkjemøtet, og i nærvær av keisaren vedtok biskopane at Sonen var av éin substans (homoousios) med Faderen. Berre to av biskopane som deltok på møtet skal ha røysta mot denne fråsegna, og trusvedkjenninga som vart vedteke på kyrkjemøtet har ein tydeleg brodd mot arianismen.

Etter kyrkjemøtet forsvann Arius frå det offentlege liv. Han vart med tida rehabilitert av keisaren, og skal visstnok ha døydd av eit brått dysentri-åtak på ein latrine i Konstantinopel. Arianismen vart seinare fordømd på kyrkjemøtet i Konstantinopel i 381 som kjetteri.

Jamvel om arianismen vart utrydda i den austlege delen av kyrkja, fekk han stor oppslutnad mellom gotarane og vandalane som levde utanfor dei romerske grensene. Den Arius-allierte Eusebius av Nikodemia hadde nemleg sendt den gotiske misjonæren Wulfila for å kristne desse stammane, og etter at dei okkuperte store delar av det gamle Vestromarriket, heldt dei på den arianske kristendomen i mange hundreår frametter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arius. (2019, 25. mars). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2019 frå https://snl.no/Arius
  • Chadwick, H. (1993) The Early Church (s. 129-130). London: Penguin Books. ISBN 978-0-140-23199-1
  • MacCulloch, D. (2010) A History of Christianity: The First Three Thousand Years (s. 213-215). London: Penguin Books. ISBN 978-0-141-02189-8