Arne Sæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Sæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. august 1913
Surnadal kommune
Død

14. september 1973 (60 år)
Trondheim

Yrke politikar, prest, motstandskjempar, forfatter av religiøs litteratur
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Arne Sæter (21. august  191314. september 1973) var ein norsk prest og politikar frå Surnadal som representerte Kristeleg FolkepartiStortinget perioden 1969-73.

Sæter var son til ein handelsmann. Han studerte til cand.theol. 1940 og tok praktikum året etter. Etter å ha vore reisesekretær i Trøndelag krins av Det norske misjonsselskap i 1943-44 var han ungdomssekretær 1945-1954. Åra 1955-58 arbeidde han som vikarprest i Nidaros bispedømme. Sidan var han sokneprest i Rindal til han døydde i 1973.

I Rindal var han med i kommunestyret frå 1960 til 1971, ordførar 1963-67. Perioden 1960-63 var han formann i skulestyret i Rindal. Hausten 1969 vart han vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal. På Stortinget var han sekretær i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Dessutan var han dei tre fyrste sesjonane, 1969-72, sekretær i Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]