Arnt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arnt er eit mannsnamn, ei kortform av det tyske namnet Arnold eller andre namn på Arn, som tyder 'ørn'. Sidefomer er Arent eller Arndt.
Arnt har i Noreg namnedag 1. desember.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Namnet er i Noreg mest bruka på kysten frå Møre og nordover. Utbreiinga av namnet har gått jamt attover sidan førre hundreårsskifte:
- I folketeljinga frå 1801 var om lag 1430 personar listeført ned namnet i formene Arnt, Arent, Arndt, Arendt mfl
- I 1900 var det rundt 4850 som hadde namnet i ei av desse formene, Arnt var då blitt vanlegast
- I 2008 er det 3445 som heiter Arnt til første fornamn, 28 Arent og 11 Arendt.
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Arnt Arntsson Wang (1791 - 1845), norsk stortingsmann
- Arnt Kristoffersson Seljelid, (1832 - 1880) norsk stortingsmann
- Arnt Haugen (1928-1988), norsk musikar
- Arent M. Henriksen, (f. 1946) norsk politikar
- Arnt Frode Jensen (f. 1953), ordførar i Herøy på Helgeland
- Arnt Birkedal (f. 1959), norsk forfattar
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Arnt hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991