Hopp til innhald

Artisten Myra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artisten Myra

Fødd8. desember 1994 (29 år)
FødestadSierra Leone
FødenamnRegina Tucker
AliasMYRA
OpphavNoreg
Aktiv2016–
SjangerHiphop, rhythm and blues
Instrumentvokal, vokal
PlateselskapNMG/G-Huset
Verka somsongar, låtskrivar, rappar
PrisarEdvard-prisen

Regina Tucker (fødd 8. desember 1994 i Sierra Leone), betre kjend under artistnamnet MYRA, er ein rappar og låtskrivar frå Kløvheim i Alver.[1][2][3] Stilmessig spelar ho ei kryssing mellom ulike sjangrar, hovudsakleg alternativ hiphop med R&B-element.

Hausten 1998 flykta Tucker og familien hennar til Noreg frå borgarkrigen i Sierra Leone.[4] Ho heldt ei tid til på barneheim.[5][6] Då ho var ti år flytta ho til ein fosterfamilieOsterøy, og året etter blei ho etterlyst av politiet for å rømme heimanfrå, for å besøke familien sin.[7][8]

Musikkarriere

[endre | endre wikiteksten]
Myra syng «Nystemten» før Cecilia Brækhus inntok bokseringen under Battle of Bergen 2017.
Foto: Frank Wammen

Myra gav ut sin fyrste låt, «Hold an», på SoundCloud hausten 2016.[9][10][11]. Ho opptreddee også på by:Larm.[9] Vinteren 2017 gav ho ut låten «Ventet på deg» i samarbeid med Lars Vaular.[11][12][13][14] Etter dette fekk ho i oppdrag å syngje den bergenske bysongen «Nystemten» før Cecilia Brækhus gjekk inn i bokseringen på Koengen i Bergen under Battle of Bergen – The Real Homecoming 9. juni 2017.[10][15]

Myra blei nominert i klassen årets nykommar ved P3 Gull 2018.[16] Ho vann Edvard-prisen 2020 i klassen tekst for låten «Hjemløs i egen by».[17] Hausten 2020 var ho ein av deltakarane i songtevlinga StjernekampNRK1.[18] I 2024 deltok ho i Melodi Grand Prix med songen «Heart on Fire».[19][20]

  1. «Bergenske Myra (22): – Jeg er ment for å rappe». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2018. 
  2. «(+) Myra tenker bare musikk». www.ba.no (på norsk). 10. juni 2017. Henta 23. mars 2018. 
  3. «Er dette byens nye r&b-stjerne?». Bergens Tidende (på norsk bokmål). 11. november 2016. Henta 23. mars 2018. 
  4. «NRKRadio - Tett på norske artister: Myra». NRK Radio (på norsk). 1. august 2017. Henta 23. mars 2018. 
  5. «NRKRadio - Tett på norske artister: Myra (Myras tid på barnehjem)». NRK Radio (på norsk). 1. august 2017. Henta 23. mars 2018. 
  6. NRK TV (13. desember 2017). «Brennersbokhylle». Henta 5. april 2018. 
  7. «La ut på rømmen». NRK P3 (på norsk). 2. august 2017. Henta 23. mars 2018. 
  8. «NRKRadio - Tett på norske artister: Myra (Myras rømningsforsøk)». NRK Radio (på norsk). 1. august 2017. Henta 24. mars 2018. 
  9. 9,0 9,1 Martin Bjørnersenog og Tom Henning Bratlie. «Holdan». Klassekampen. Henta 24. februar 2021. 
  10. 10,0 10,1 «Myra drev med musikk i smug. Noen måneder senere sang hun «Nystemten» foran 10.000 på Koengen.». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2018. 
  11. 11,0 11,1 Mathias Rødahl (4. mars 2017). «Vi har ventet på deg, Myra!». Dagbladet.no (på norsk). Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 23. mars 2018. 
  12. «Vaular i fanget på ny kvinne». NRK P3 (på norsk). 17. februar 2017. Arkivert frå originalen 15. august 2017. Henta 23. mars 2018. 
  13. «Vaular slipper låt med fersking». www.ba.no (på norsk). 15. februar 2017. Arkivert frå originalen 23. mars 2018. Henta 23. mars 2018. 
  14. «Stem frem årets bergenslåt!». Bergens Tidende (på norsk bokmål). 20. desember 2017. Arkivert frå originalen 26. desember 2017. Henta 23. mars 2018. 
  15. «Vaular varmer opp for Cecilia Brækhus». www.ba.no (på norsk). 2. juni 2017. Henta 23. mars 2018. 
  16. «De nominerte til P3 Gull 2018». ntb.no. 15. november 2018. Henta 21. november 2020. 
  17. «EDVARD-prisentil Myra for «Hjemløs i egen by»». ballade.no. 9. september 2020. Henta 21. november 2020. 
  18. Svendsen, Maiken (11. juni 2020). «Dette er «Stjernekamp»-deltagerne for 2020». NRK. Henta 7. mars 2023. 
  19. Svelstad, Oda Elise (4. januar 2023). «Dette er årets artistar i Melodi Grand Prix». NRK. Henta 4. januar 2023. 
  20. Nilsson, Ørjan (5. januar 2023). «– Jeg ble spurt for et par år siden, men da var ikke tiden inne». BT. Henta 7. mars 2023.