Hopp til innhald

Melodi Grand Prix 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 2024
Dato
Delfinale 1 13. januar 2023
Delfinale 2 20. januar 2023
Delfinale 3 27. januar 2023
Finale 3. februar 2024
Vertskap
Delfinale 1 Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst
Delfinale 2 Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst
Delfinale 3 Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst
Finale Trondheim Spektrum
Programleiarar Marion Ravn
Fredrik Solvang
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 18
Vinnar
Song «Ulveham»
Artist Gåte
Resultat i Eurovision Song Contest 2024
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2023

Melodi Grand Prix 2024 var den 62. utgåva av Melodi Grand Prix, den norske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest. Vinnaren av Melodi Grand Prix fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK og bestod av tre delfinalar i Oslo i januar 2024 og ein finale i Trondheim laurdag 3. februar 2024. Til saman deltok 18 songar, fordelte på seks songar i kvar delfinale. Frå kvar delfinale røysta sjåarane fram tre bidrag til finalen. I finalen deltok dimed ni bidrag.

Delfinalane blei arrangerte i Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst i Oslo, laurdag 13., 20. og 27. januar, mens finalen blei send direkte frå Trondheim Spektrum. Programleiarar for sendingane var artist Marion Ravn og programleiar og journalist Fredrik Solvang.

Fire veker etter Eurovision Song Contest 2023 opna NRK for innsending av bidrag til Melodi Grand Prix 2024.[1] Innsendinga opna 9. juni, med frist for å sende inn bidrag 31. august 2023. Nytt av året er at låtane kan bli gjevne ut allereie frå 1. september 2023. Tidlegare har kravet vore at innsende bidrag ikkje kunne bli gjevne ut før NRK bestemte det.[2] Målet med regelendringa var å skape eit «større mulighetsvindu for flere gode låter og artister til MGP», ifølgje NRK. Datoregelen er også i tråd med regelverket til EBU for Eurovision Song Contest.[1][3]

Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men kvar låtskrivar, produsent eller artist kunne maksimalt sende inn tre låtar. Dei innsende bidraga burde også ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv». I tillegg til den opne tevlinga såg tevlingsredaksjonen også etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. NRK hadde også direkteinvitert komponistar og artistar til å delta.[1] Det blei også haldne eigne låtskrivarsamlingar der målet var å produsere låtar til Melodi Grand Prix.[4]

Juryen til NRK valde ut deltakarlåtane hausten 2023. Til saman deltok 18 låtar i Melodi Grand Prix 2024, fordelte på seks låtar i kvar delfinale. Deltakande artistar og låtar blei offentleggjorde 5. januar 2024,[1][5] men låtane kunne bli gjevne ut frå 1. september 2023.

Dansar og koreograf Mona Berntsen vart tilsett som sceneregissør for Melodi Grand Prix. Ho tok over etter Mattias Carlsson, som har hatt denne jobben sidan 2008.[6]

Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK i januar og februar 2024 og blei overført på NRK1 og NRK TV. I likskap med fjoråret bestod Melodi Grand Prix 2024 av tre delfinalar i forkant av den store finalen. Delfinalane blei arrangerte høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2024. I kvar delfinale deltok seks låtar, og sjåarane røysta fram tre av dei til finalen laurdag 3. februar 2024.[5] Til saman blei det ni bidrag i finalen.[7]

Sendingane

[endre | endre wikiteksten]

Delfinalane blei sende høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2023 direkte frå Studio 1 og Studio 2 på NRK Marienlyst i Oslo.[7] Tidlegare hadde delfinalane blitt arrangerte utanfor hovudkvarteret til NRK, og NRK grunna flyttinga med at dei ønskte å ta «konkurransen tilbake til røttene».[7] Blant anna viste NRK til at den fyrste finalen i 1960 fann stad i lokale deira på Marienlyst i Oslo. «Historiene og musikken sitter i veggene i Studio 1 og Studio 2», uttalte musikkansvarleg Stig Karlsen i november 2023.[7] Men finalen i 1960 fann stad i Store Studio, og Studio 1 og 2 eksisterte ikkje før i 1969, då Fjernsynshuset stod ferdig.

Sending Dato Arena Tal på bidrag
Delfinale 1 13. januar 2024 Studio 1 og 2,

NRK Marienlyst

6
Delfinale 2 20. januar 2024 6
Delfinale 3 27. januar 2024 6
Finale 3. februar 2024 Trondheim Spektrum 9

Programleiarar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fire sendingane blei leia av artisten Marion Ravn og journalisten Fredrik Solvang.[8] Begge debuterte som programleiarar for Melodi Grand Prix.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Oversikt over deltakarane i Melodi Grand Prix 2024, lista i alfabetisk rekkjefølgje etter fornamn eller artistnamn:[9]

Artist Tittel Låtskrivarar
Annprincess «Save Me» Annprincess Johnson
Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo «Judge Tenderly of Me» Dag Erik Oksvold, Alexander Pettersen og Anne Fagermo
Eli Kristin «Touch of Venus» Ronny Graff Janssen og Eli Kristin Hanssveen
Farida «Heartache» Farida Louise Bolseth Benounis, Kristian Wiik, Ilja Eriksson og Olav Tokerud
Fredrik Halland «Stranded» Fredrik Halland, Jenson Vaughan og Ruthy Raba
Gothminister «We Come Alive» Bjørn Alexander Brem
Gåte «Ulveham» Sveinung Eklo Sundli, Ronny Graff Janssen, Marit Jensen Lillebuen, Gunnhild Sundli, Magnus Børmark og Jon Even Schärer
Ingrid Jasmin «Eya» Ingrid Jasmin Vogt og Jonas Kroon
KEiiNO «Damdiggida» Alexandra Rotan, Fred Buljo, Tom Hugo Hermansen, Alexander N. Olsson og Jakob Redtzer
Margaret Berger «Oblivion» Margaret Berger, Anders Kjær, Monica Engeseth og Sivert Hjeltnes Hagtvedt
Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk «Woman Show» Audun Agnar Guldbrandsen, Silje Montsko Blandkjenn, Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen, Linda Dale, Christopher Colin Archer og Mathilde Espeseth
Miia «Green Lights» Benjamin Dan Ravn Fahre, Mia Virik Kristensen, Mugoshi David Nhonzi, Emelie Hollow og Ida Botten
Mileo «You're Mine» Miles Curtis Sesselmann
Mistra «Waltz of Death» Benedicte Adrian og Anders Odden
Myra «Heart on Fire» David Atarodiyan, Svein Hermansen og Regina Tucker
Super Rob og Erika Norwich «My AI» Lars Horn Lavik, Super Rob, Erika Norwich og Kristian Liljan
Thomas Jenssen «Take Me to Heaven» Thomas Jenssen, Ricky Hanley, David Fremberg og Jonas Holteberg Jensen
Vidar Villa «Mer» Vidar Mohaugen, Jonas Thomassen, Martin Thomassen og Mathias Nilsen

Sendingane

[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1

[endre | endre wikiteksten]

Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 13. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.

Startnr. Artist[10] Tittel Resultat
1 Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk «Woman Show» Eliminert
2 Fredrik Halland «Stranded» Eliminert
3 Myra «Heart on Fire» Eliminert
4 Gothminister «We Come Alive» Til finalen
5 Ingrid Jasmin «Eya» Til finalen
6 Margaret Berger «Oblivion» Til finalen

Delfinale 2

[endre | endre wikiteksten]

Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 20. januar 2024 klokken 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.

Startnr. Artist Tittel Resultat
1 Farida «Heartache» Ute
2 Mileo «You're Mine» Ute
3 Eli Kristin «Touch of Venus» Ute
4 Super Rob og Erika Norwich «My AI» Til finale
5 Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo «Judge Tenderly of Me» Til finale
6 Gåte «Ulveham» Til finale

Delfinale 3

[endre | endre wikiteksten]

Delfinalen ble arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 27. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.

Startnr. Artist Tittel Resultat
1 Vidar Villa «Mer» Ute
2 Mistra «Waltz of Death» Ute
3 Thomas Jenssen «Take Me to Heaven» Ute
4 Annprincess «Save Me» Til finale
5 Miia «Green Lights» Til finale
6 KEiiNO «Damdiggida» Til finale

Delfinalen blei arrangert i Trondheim Spektrum i Trondheim laurdag 3. februar 2024.

Startnr. Artist Song Poeng Plass
Jury Folket Totalt
1 KEiiNO «Damdiggida» 98 146 244 2
2 Annprincess «Save Me» 16 17 33 9
3 Gothminister «We Come Alive» 35 80 115 4
4 Ingrid Jasmin «Eya» 22 20 42 8
5 Miia «Green Lights» 54 22 76 6
6 Margaret Berger «Oblivion» 26 19 45 7
7 Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo «Judge Tenderly of Me» 58 47 105 5
8 Gåte «Ulveham» 76 174 250 1
9 Super Rob og Erika Norwich «My AI» 45 120 165 3

Poenggjeving i finalen

[endre | endre wikiteksten]

Resultatet i finalen blei avgjort av røystene frå sjåarane og lyttarane, saman med røystene frå eit utval internasjonale fagjurygrupper. Røystene frå folket talde 60 prosent, mens poenga frå dei internasjonale jurygruppene talde 40 prosent.[11] Avrøystinga blei lesne opp på same måte som i Eurovision Song Contest. Fyrst las jurygryppene opp poenga sine, jury for jury. Til slutt blei poenga frå folkeavrøystinga avslørte i stigande rekkefølgje ut frå juryavrøystinga. Lista over personane som sat i fagjury-gruppene blir offentleggjord etter finalen.[11]

Startnr. Song Internasjonale fagjurygrupper Folke-
poeng
Sum Plass
1 «Damdiggida» 6 8 12 12 12 10 12 12 6 8 146 244 2
2 «Save Me» 2 2 1 2 2 6 1 17 33 9
3 «We Come Alive» 6 6 6 1 4 12 80 115 4
4 «Eya» 6 6 2 6 2 20 42 8
5 «Green Lights» 8 12 4 4 10 4 8 4 22 76 6
6 «Oblivion» 1 1 1 2 1 8 8 2 2 19 45 7
7 «Judge Tenderly of Me» 12 2 8 4 12 1 8 10 1 47 105 5
8 «Ulveham» 4 10 10 10 10 10 12 10 174 250 1
9 «My AI» 10 4 8 4 8 4 1 120 165 3
Talspersonar for jurygruppene[11]
  • Storbritannia –
  • Finland –
  • Sveits –
  • Estland –
  • Aserbajdsjan –
  • Danmark –
  • Nederland –
  • Island –
  • Tsjekkia –
  • Sverige –

Protestar mot israelsk deltaking i Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
Artistane på scena under den fyrste delfinalen.

I Europa og Noreg hadde det vore protestar mot at Israel deltar i Eurovision Song Contest 2024. Bakgrunnen er den pågåande Israel–Hamas-krigen som starta etter Hamas' åtak på Israel 7. oktober 2023. I denne krigen har det israelske forsvaret gjennomført omfattande militære åtak mot Hamas fleire stader på Gazastripa. Bruken av missil og bakkestyrkar har råka sivilfolket og infrastruktur på Gazastripa hardt, noko som har ført til internasjonal kritikk av israelske myndigheiter. Fleire aktørar og foreiningar har kravd at EBU må utestengje Israel frå Eurovision Song Contest, slik unionen gjorde mot Russland i 2022, då Russland gjekk til åtak på Ukraina.[12][13][14][15] I desember 2023 vedtok EBU at Israel skulle få delta. Unionen la vekt på at tevlinga er ei «ikkje-politisk hending», og at dei ikkje driv med samanlikningar mellom krigar og konfliktar. EBU understreka også at Russland blei utestengt på grunn av «gjentekne brot på medlemsplikter og brot på haldningar til medium». EBU viste også til at andre internasjonale organisasjonar hadde same haldning overfor israelsk deltaking i internasjonale idretts- og kulturarrangement.[12]

Demonstrasjonar og scenestorming

[endre | endre wikiteksten]

Norske Melodi Grand Prix blei også berørt av protestane.[16][17] Under NRKs artistpresentasjon for Melodi Grand Prix 5. januar 2024 samla fleire demonstrantar seg utanfor NRK Marienlyst og protesterte mot israelsk Eurovision-deltaking.[18][19][20] Under direktesendinga av fyrste delfinale laurdag 13. januar klarte ein demonstrant frå partiet Raudt å ta seg opp på scena og proklamerte: «Beklager avbrytelsen, men det pågår en krig. Vi kan gjøre mer. Norge kan gjøre mer.»[21] Før sendinga la også ei rekkje demonstranaer seg ned på bakken utanfor studio for å protestere mot deltakinga til Israel.[22][23] Liknande protestar skjedde også under dei to påfølgjande delfinalane og finalen.

NRK avviste at dei ville ta til orde for ei utestenging og viste til at ingen internasjonale kultur- eller idrettsarrangement har boikotta Israel. «NRK kan ikke drive sin egen utenrikspolitikk, og vi kan da heller ikke på egen kjøl oppfordre til kulturboikott av et land», sa underhaldingsredaktør i NRK Charlo Halvorsen under artistpresentasjonen i januar.[24]

Gåte og Eurovision-deltaking

[endre | endre wikiteksten]

Etter at Gåte vann tevlinga, byrja spekulasjonane om at bandet ville seie frå seg retten til å representere Noreg i Eurovision Song Contest i Malmö. Før den norske finalen uttala bandet at dei opplevde «det som veldig problematisk hvis Israel skal være med slik situasjonen er nå».[25] Vokallist Gunnhild Sundli uttala at bandet ville ta stilling til Eurovision, men at det «vil kreve tid og diskusjoner for å finne ut hva som er best».[25][26] Ni dagar etter finalen, 12. februar, melde bandet at dei kom til å delta i Eurovision Song Contest.[27]

Sjåarklager til NRK

[endre | endre wikiteksten]

Kringkastingsrådet og NRK mottok også 700 klager på at Israel skulle delta i Eurovision Song Contest, og saka skulle bli handsame i rådet i løpet av vinteren eller våren.[28] Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen signaliserte at NRK kunne komme til å vurdere «alternative løsninger» for deltaking, utan å spesifisere dette ytterlegare.[29]

Gåte måtte endre teksta

[endre | endre wikiteksten]
Gunnhild Sundli og Gåte måtte bytte ut teksta før finalen. Her frå ein konsert i 2018. Foto: Stian Schløsser Møller

Blant deltakarane var bandet Gåte og låten «Ulveham». Songen byrjar med ei tradisjonell kulokk fra eit eldre opptak av folkesongaren Marit Jensen Lillebuen.[30] Tekstlinjene var henta fra ein tusen år gammal mellomalderballade, noko som var i strid med Eurovision Song Contest-reglane, som krev at melodi og tekst må vere originalt og ikkje tidlegare utgjeven. Gåte framførte denne teksta under den andre delfinalen, og då «Ulveham» blei favoritt til å vinne den norske finalen, sjekka NRK opp teksta med EBU.[31] Etter ei vurdering vedtok EBU at kulokken kunne godkjennast. For å vere på den sikre sida vedtok NRK at heile teksta skulle bli erstatta med ei nyskriven og original tekst. Dimed deltok Gåte med ei nyskriven tekst i den norske finalen.[32] Musikkansvarleg Stig Karlsen uttala til NRK at «låtens tittel og historiske tematikk» ville bestå.[30]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Sendinn låt til MGP 2024» (på norsk bokmål). NRK. 9. juni 2023. Henta 2. juli 2023. 
  2. Stein Østbø (9. juni 2023). «MGPmed stor regelendring». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 2. juli 2023. 
  3. «Stor regelendring i MGP – åpner for allerede utgitte hits». kampanje.com (på norsk bokmål). NTB. 9. juni 2023. Henta 2. juli 2023. 
  4. Georgiou, Giannis (12. april 2023). «Norway: Melodi Grand Prix 2024 Songwriting Camp begins in Oslo!». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 2. juli 2023. 
  5. 5,0 5,1 Stephenson, James (22. oktober 2023). «Norway: Melodi Grand Prix 2024 Final on 3 February». Eurovoix (på engelsk). Henta 25. oktober 2023. 
  6. Tangen, Anders Martinius (21. oktober 2023). «Mona Berntsen er ny sceneregissør for MGP og det blir finale 3.februar -» (på norsk bokmål). Henta 25. oktober 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Nielsen, Vetle (7. november 2023). «Slik blir Melodi Grand Prix 2024». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. november 2023. 
  8. Strand, Marit Sofie (30. november 2023). «Dette er neste års MGP-programledere». NRK. Henta 30. november 2023. 
  9. Svelstad, Oda Elise (4. januar 2023). «Dette er årets artistar i Melodi Grand Prix». NRK. Henta 4. januar 2023. 
  10. Hyttebakk, Jon Marius (9. januar 2024). «Her er rekke­følgen i første delfinale». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. juli 2023.  soft hyphen character in |tittel= at position 13 (hjelp)
  11. 11,0 11,1 11,2 Nielsen, Vetle (31. januar 2024). «Slik blir finalen i Melodi Grand Prix 2024». NRK (på norsk bokmål). Henta 3. februar 2024. 
  12. 12,0 12,1 Tjoflot, Eirin (13. desember 2023). «Israel deltek i Eurovision – fleire krev boikott». NRK. Henta 23. desember 2023. 
  13. Nielsen, Jonathan Gaathaug (27. november 2023). «Om Israel-deltakelse: - Dobbeltmoralsk». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. desember 2023. 
  14. Bryant, Miranda (11. januar 2024). «Finnish and Icelandic artists call for Israel to be banned from Eurovision». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 12. januar 2024. 
  15. Chatterjee, Phelan (10. januar 2024). «Eurovision: Finnish artists want Israel barred from contest over Gaza war». BBC News (på engelsk). Henta 12. januar 2024. 
  16. Kvernhaugen, Tor Martin (11. januar 2024). «Skuespiller: – Absurd at Israel får lov til å være med». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. januar 2024. 
  17. NTB-TT og Ylva Lie Bjerke (11. januar 2024). «Israelsk Eurovision-deltakelse engasjerer norsk musikkmiljø». Dagsavisen (på norsk). Henta 12. januar 2024. 
  18. Gyrid Friis Edland, Nora Viskjer og Siri B. Christensen (5. januar 2024). «Demonstrasjon utenfor NRK før MGP-slipp: – Ingen sier noe». www.vg.no (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 12. januar 2024. 
  19. Løvik, Jonathan Gaathaug Nielsen, Victoria (5. januar 2024). «Demonstrasjon utenfor NRK». dagbladet.no (på norsk). Henta 12. januar 2024. 
  20. «Demonstrasjon mot at Israels MGP-deltagelse utenfor NRK». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 5. januar 2024. Henta 12. januar 2024. 
  21. Tjoflot, Eirin (13. januar 2024). «Demonstrasjon utanfor NRK før første delfinale av MGP». NRK. Henta 15. januar 2024. 
  22. Siri B. Christensen, Benjamin Brekken og Eirik Røsvik (13. januar 2024). «Demonstrant stormet MGP-scenen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 15. januar 2024. 
  23. NTB Nyheter (13. januar 2024). «Aksjonsgruppe demonstrerer utenfor NRK i forbindelse med MGP-delfinalen». Dagsavisen (på norsk). NTB. Henta 15. januar 2024. 
  24. NRK (5. januar 2024). «Demonstrerte utenfor NRK mot Israels deltakelse i Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. januar 2024. 
  25. 25,0 25,1 Johansen, Trond Odin Myhre (2. februar 2024). «MGP-favoritt: – Problematisk hvis Israel skal være med». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. februar 2024. 
  26. Nielsen, Jonathan Gaathaug (5. februar 2024). «NRK: - Ingen kommentar». dagbladet.no (på norsk). Henta 7. februar 2024. 
  27. Vedeler, Linda Marie (12. februar 2024). «Gåte deltar i Eurovision Song Contest». NRK (på norsk bokmål). Henta 15. februar 2024. 
  28. «700 har klaget til NRK – vil ikke ha Israel med i Eurovision». Dagsavisen (på norsk). 6. februar 2024. Henta 7. februar 2024. 
  29. Jerijervi, Dag Robert (6. februar 2024). «NRK-sjefen avviser ikke alternativ Eurovision-løsning: - Må se hva som skjer». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 7. februar 2024. 
  30. 30,0 30,1 Hyttebakk, Jon Marius (28. januar 2024). «Gåte må skrive om teksten i MGP-bidraget». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2024. 
  31. NTB (28. januar 2024). «Gåte må bytte tekst før MGP-finalen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2024. 
  32. Kilnes, NTB, Camilla (28. januar 2024). «Gåte heiv seg rundt: - Snedig at vi skulle støte på en regel som er der for å hindre plagiering». adressa.no (på norsk). Henta 29. januar 2024.