Arto Tiainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arto Tiainen
Fødd 5. september 1930
Kiviapaja
Død

21. september 1998
Sankt Michel landkommune

Yrke politikar, langrennsløpar, politibetjent

Arto Kasperi Tiainen (5. september 193021. september 1998) var ein finsk langrennsløpar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Innanlands vann Arto Tiainen totalt 11 skimeisterskap i karrieren sin. Hans fyrste internasjonale meisterskap var vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der han gjekk 15 km, og enda som nummer 26. To år seinare deltok han i verdsmeisterskapen i Lahti, der han kom på femteplass på tremila og fjerdeplass på femmila, men tok bronse i stafett. I 1959 og 1960 vann han Lahtisspelen og Svenska skidspelen i Falun fleire gonger.

Under vinter-OL 1960 i Squaw Valley deltok han på 30 km utan vidare suksess. I verdsmeisterskapen 1962 i Zakopane oppnådde han derimot ein fjerdeplass på femmila. Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart den beste internasjonale tevlingane i Tiainens karriere. Her vart han nummer 13 på 30 km, tok olympisk bronse på 50 km og tok sølv med det finske stafettlaget på 4 x 10 km. Både i 1964 og 1965 vann han femmila i Holmenkollrenna, og vart i 1965 tildelt Holmenkollmedaljen saman med Arne Kjell Larsen og Bengt Eriksson.

Under ski-VM 1966 i Oslo vann Tiainen sølv på femmila. Han deltok i OL for siste gong under vinter-OL 1968 i Grenoble, men enda som nummer 16 på tremila. Frå 1968 til 1972 var han hovudtrenar for det finske langrennslaget.

Utanfor skikarrieren jobba Tiainen som politimann i Kuopio og St. Michel, og han sat også to månader som representant i det finske parlamentet i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]