Arts and Crafts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei side frå The Well at The World's End utforma av William Morris.

Arts and Crafts (engelsk for ‘kunsthandverk’) eller Arts and Crafts Movement var det engelske namnet på ei formgjevingsrørsle som ville gjenreisa dei estetiske kvalitetane i kunsthandverket. Rørsla oppstod på 1860-talet og varte til byrjinga av 1900-talet med eit høgdepunkt i Storbritannia og USA mellom 1880 og 1910. Ho var inspirert av tankane til den engelske kunstkritikaren John Ruskin, særleg boka The Stones of Venice (1853) og kapittelet «The Nature of Gothic», og arbeidet til formgjevaren William Morris.

Arts and Crafts som reformistisk rørsle hadde innverknad på britisk og amerikansk arkitektur, dekorativ kunst, interiør- og møbeldesign, handverk og sjølv utforminga av engelske hagar. Dei leiande namna var William Morris, Charles Robert Ashbee, T.J. Cobden Sanderson, Walter Crane, Nelson Dawson, Phoebe Anna Traquair, Herbert Tudor Buckland, Charles Rennie Mackintosh, Christopher Dresser, Edwin Lutyens, Ernest Gimson, William Lethaby, Edward Schroeder Prior, Frank Lloyd Wright, Gustav Stickley og kunstnarar knytte til prerafaelittane.

Møbel i Arts and Crafts-stil.

Arts and Crafts var ei av fleire rørsler som søkte etter ein stil som var samtidig og spesifikk for 1800-talet. Ho kom til å bli sett på som ein reaksjon mot dei eklektiske, historiske stilane og stilimiterande industriprodukta som den industrielle revolusjonen hadde skapt. Rørsla ønskte seg handverkframstilte i staden for maskintilverka produkt, og ein personleg stil i staden for dei historiske stilane. Likevel kan ein i formgjevinga som rørsla gav opphav til sjå ein viss forkjærleik til nygotikk og landleg idyll, og mange av produkta som blei laga framstod noko uferdige for å gje eit meir rustikt inntrykk.

Den innverknadsrike svenske kunsthistorikaren Gregor Paulsson hadde stor sympati med rørsla, i motsetnad til prerafaelittane, som han forakta. I følgje Paulsson var «Morris si kunstnargjerning forankra i ei sosialistisk samfunnsordning, ein ikkje-marxistisk sosialisme som kvilte meir på ein sosial enn på ein økonomisk-teoretisk grunnvoll.»[1]

Arts and crafts er stilen som dominerte før art nouveau/jugendstil (1890–1910). I USA er dei tilsvarande omgrepa for Arts and Crafts anten «American Craftsman» eller «Craftsman style».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paulsson, Gregor: Konsten värdenshistoria, «Från barocken till nutiden», Lund 1978. Side 328.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Cathers, David M. Furniture of the American Arts and Crafts Movement. The New American Library, Inc., 1981. ISBN 0-453-00397-4
  • Kaplan, Wendy. "The Art that is Life", The Arts & Crafts Movement in America, 1875–1920. New York: Little, Brown and Company, 1987.