William Morris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Morris. Fotografi av Emery Walker frå 1913.

William Morris (24. mars 18343. oktober 1896) var ein engelsk kunstnar, forfattar, sosialist og aktivist. Han var ein av dei fremste skiparane av den britiske Arts and Crafts-rørsla, og bidrog til ei kraftig omforming av britisk smak i viktoriatida.[1] Morris er også kjend som ein pionér i den britiske sosialistrørsla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

William Morris var fødd sør for Epping Forest i Essex.[1] Familien hans var velståande, og han gjekk på skule ved Marlborough College,[1] men fór derifrå i 1851 etter eit studentopprør. Frå 1853 studerte han på Exeter College ved Universitetet i Oxford,[1] etter å ha studert for immatrikuleringa. Her vart han påverka av tekstane til John Ruskin,[1] og møtte sine livslange samarbeidspartnerar Dante Gabriel Rossetti, Edward Burne-Jones, Ford Madox Brown og Philip Webb. Han møtte òg kona si, Jane Burden, ei arbeidarklasse-kvinne som med si bleike hud, slanke kropp og bølgjande mørke hår vart sedd på av Morris og vennene hans som toppen av venleik. Morris fekk to døtrer; Jane (kalla Jenny) og Mary (kalla May).

Saman med vennene skipa Morris ei kunstarrørsle, «den pre-rafaelittiske brorskapen». Dei lika ikkje dei tarvelege industriprodukta på område som dekorasjonar og arkitektur, og gjekk inn for ei tilbakevending til skikkeleg handverk, og å heve handverkarar opp i status lik kunstnarar. Morris ville at kunst skulle vere rimeleg nok for vanlege folk, handlaga, og at det ikkje skulle vere noko hierarki av kunstformer.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tekstildesign av William Morris frå 1883.
«David's Charge to Solomon» (1882), eit glasvindauge av Edward Burne-Jones og William Morris i Trinity Church i Boston i Massachusetts.

Morris fór frå Oxford for å vere med i eit arkitekturfirma, men fann seg meir og meir interessert i dekorasjonskunst. Han og Webb bygde Red House i Kent, det var Morris si bryllaupsgåve til Jane. Det var her design-idéane hans byrja take fysisk form. Han bygde òg Standen House i Sussex saman med Webb. I 1861 skipa han firmaet Morris, Marshall, Faulkner & Co,[1] med Rossetti, Burne-Jones, Madox Brown og Philip Webb. Gjennom heile livet heldt han fram med å arbeide i sitt eige firma, sjølv om det endra namn. Det mest vidgjetne var Morris & Company. Bedrifta oppmuntra gjenopplivinga av tradisjonelle handverk som glasmåling, og Morris gjenskapte sjølv kunsten å lage biletvev i England. Han utforma også ei rekkje teppe og tapet med stiliserte blomstrar.[1] Designa hans blir framleis selde den dag i dag under lisensar gjevne til Sanderson and Sons og Liberty of London.

Poesi[endre | endre wikiteksten]

Morris sitt målarstykke «Queen Guinevere»

Morris hadde allereie byrja å gje ut poesi og noveller gjennom eit magasin grunnlagt saman med vennene medan dei var ved universitetet. Det første sjølvstendige verket hans som vart gjeve ut, The Defence of Guenevere, vart kjølig motteke av kritikarane, og han mista motet til å gje ut meir i fleire år. Han hadde òg laga eit målarstykke av King Arthur's Queen Consort. Men truleg det mest kjende av dikta hans, «The Haystack in the Floods», kjem frå rett etter denne tida. Det er eit dystert realistisk stykke med handling sett til Hundreårskrigen, der dei fordømde elskarane Jehane og Robert tek eit endeleg farvel i eit overtydande skildra regnfullt bygdemiljø.

Det første diktverket hans som fann allmenn suksess var The Life and Death of Jason (1867).[1] The Earthly Paradise som byrja koma ut året etter var ei stor samling dikt som var laust samanbundne i eit tema av vandrarar som fór ut for å leite etter eit land med evig liv, og etter mange vonbrot oppdagar ein overlevande koloni av grekarar som dei byter soger med. Denne samlinga gjorde Morris namngjeten og populær mesta med det same.

Dei siste historiene i samlinga er gjenforteljingar av islandske soger, og frå da til den sosialistiske perioden hans, dominerer Morris sin fascinasjon med dei gamle germanske og norrøne folkeslaga skrivinga hans. Saman med den islandske vennen sin, Eirik Magnusson, var han den første til å omsetje mange av islendingesogene til engelsk, og hans eiga episke gjenforteljing av Sigurd Volsunge var hans eigen favoritt mellom dikta hans. På grunn av den breie anerkjenninga han fekk som poet, fekk Morris tilbod om å bli statsdiktar (Poet Laureate) etter Tennyson døydde i 1892, men han avslo dette.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Morris aldri vart praktiserande arkitekt, var han interessert i faget gjennom heile livet. I 1877 skipa han Society for the Protection of Ancient Buildings. Bevaringsarbeidet hans resulterte indirekte i skipinga av National Trust, ein stor britisk organisasjon for bevaring av historisk verdifulle eller naturrike stader. Kombinert med inspirasjonen frå John Ruskin, særleg i The Stones of Venice, om «The Nature of Gothic», spela arkitektur ei viktig symbolsk rolle i Morris si tilnærming til sosialisme.

Sosialisme[endre | endre wikiteksten]

Kelmscott Manor avbilda i News from Nowhere av William Morris.

Morris og dotter hans May var mellom dei første sosialistane i Storbritannia, og samarbeidde direkte med Eleanor Marx og Friedrich Engels for å starte opp sosialistrørsla. Han var også i kontakt med forfattaren George Bernard Shaw. Denne sida av Morris sitt arbeid er godt skildra i biografien med undertittel 'Romantic to Revolutionary' av E.P. Thompson. Det var i denne perioden Morris skreiv den best kjende prosaen sin, særleg A Dream of John Ball og News from Nowhere.[1]

I 1883 vart Morris med i Social Democratic Federation, og i 1884 organiserte han Socialist League. 13. november 1887 leidde han ein ulovleg demonstrasjonTrafalgar Square som etter å ha blitt valdsamt rydda av politiet blei kjend som «Bloody Sunday».[1]

Morris fann seg sjølv i ein vanskeleg mellomposisjon mellom marxistiske og anarkistiske tendensar i sosialistrørsla, og denne motsetninga kløyvde til slutt Socialist League. Seinare danna han Hammersmith Socialist Society som heldt møte og førelesingar.[1]

Kelmscott[endre | endre wikiteksten]

Morris og Rossetti leigde ein landleg herregard i Kelmscott i Oxfordshire frå 1871,[1] opphavleg som sommarhus, men det vart snart ein plass der Rossetti og Jane Morris hadde eit langvarig forhold. Rosseti forlét huset i 1874. I 1879 flytta Morris-familien inn i hus i Hammersmith i London som dei gav namnet Kelmscott House.[1]

Morris vitja Island i 1871 og 1873 og laga levande reiseskildringar i dagboksoppteikningar.[1]

Etter at han slutta i Socialist League delte Morris tida si mellom bedrifta, pressa i Kelmscott, og Kelmscott herregard, der han skreiv ein serie fantasiromanar som seinare hadde ein stor påverknad på J.R.R. Tolkien og C.S. Lewis. Da han døydde i 1896, vart han gravlagd på kyrkjegarden i Kelmscott.

The Nature of Gothic av John Ruskin, prenta av Kelmscott Press. Første tekstside, med typisk ornamentert bord.

Kelmscott Press[endre | endre wikiteksten]

I januar 1891 skipa Morris Kelmscott Press i Hammersmith i London, for å lage døme på betre prente- og bok-design. Bøkene vart designa for å vise metodane og teknikkane han bruka, kva han såg som tradisjonelle prente- og handverksmåtar, på line med kunst- og handverksrørsla som heilskap, og som svar på litografiet, særleg dei som vart laga for å sjå ut som tresnitt. Morris samarbeidde med Emery Walker og laga klåre «typefasar» inspirerte av den tidlege venetianske prentaren Nicolaus Jenson, og mellomalderinspirerte dekorative border for bøker som likna på incunabula frå 1400-talet og deira tresnittillustrasjonar. Utval av blekk og papir, og samordninga av bokstavtypar og dekorasjonar på sidene gjorde Kelmscott Press den mest vidgjetne av dei private boktrykkarverksemdene i Arts and Crafts-rørsla. Verksemda var i drift til 1898, produserte 53 bøker, og inspirerte andre private boktrykkrar, særleg Doves Press. Mellom bokelskarar er Kelmscott Press si utgåve av The Works of Geoffrey Chaucer, illustrert av Burne-Jones, sedd på som ei av dei vakraste bøkene gjevne ut nokon gong. Ei faksimileutgåve av denne vart produsert i 2002 av The Folio Society.

I 1896 var Morris sjuk, og ei sjøreise til Noreg hjelpte ikkje. Han døyde kort tid etter å ha vend tilbake.[1]

Morris i dag[endre | endre wikiteksten]

Morris-lag i Storbritannia, USA og Canada er aktive i å take vare på Morris sitt verk og idéane hans. Innverknaden frå Morris lever vidare i moderne interiør og arkitektur. Firma som Harvest House og Stickley Furniture sel framleis ting i Arts and Crafts-stil. Det er òg eit gymnas i London som ber namnet hans til minne.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • The Defence of Guenevere, and other Poems (1858)
  • The Life and Death of Jason (1867)
  • The Earthly Paradise (1868–1870)
  • Love is Enough, or The Freeing of Pharamond: A Morality (1872)
  • The Story of Sigurd the Volsung and the Fall of the Nibelungs (1877)
  • Hopes and Fears For Art (1882)
  • A Dream of John Ball (1888)
  • The House of the Wolfings (1889)
  • The Roots of the Mountains (1890)
  • News from Nowhere (1891)
  • The Story of the Glittering Plain (1891)
  • The Wood Beyond the World (1894)
  • Child Christopher and Goldilind the Fair (1895)
  • The Well at the World's End (1896)
  • The Water of the Wondrous Isles (1897)
  • The Sundering Flood (1898)

Anna litterært arbeid[endre | endre wikiteksten]

Morris omsette òg mange mellomalder- og klassiske verk, mellom dei islendingesoger, Æneiden av Vergil, og Odysséen av Homer.

Morris si bok, The Wood Beyond the World, blir rekna som ein viktig inspirasjon for C.S. Lewis sin Narnia, medan J. R. R. Tolkien var inspirert av Morris sine rekonstruksjonar av tidleg germansk liv i The House of the Wolfings og The Roots of the Mountains. Redaktør og fantasi-kjennar Lin Carter gjev William Morris æra for å ha skapt fantasi-verd-romanane med The Well at the World's End og andre slike romanar. Desse har ingen referansar til denne verda, dei går føre seg verken i fortid eller framtid, og heller ikkje på ein annan planet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: William Morris

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Morris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 «William Morris», Encyclopædia Britannica