Hopp til innhald

Frank Lloyd Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Lloyd Wright

FøddFranklin Lincoln Wright
8. juni 1867
Richland Center
Død9. april 1959
Phoenix
NasjonalitetUSA
Områdearkitektur, studio glass
Yrkearkitekt, byplanlegger, skribent, designar, printseller, print collector
InstitusjonarNew School for Social Research
Royal Leerdam Crystal
Alma materMadison Central High School
University of Wisconsin–Madison
EktefelleOlgivanna Lloyd Wright, Catherine Tobin Wright, Miriam Noel Wright
SambuarMamah Borthwick
BarnJohn Lloyd Wright, Lloyd Wright, Iovanna Lloyd Wright, Catherine Dorothy Wright
MedlemAmerican Academy of Arts and Letters

Frank Lloyd Wright (8. juni 18679. april 1959) var ein framståande arkitekt og formgjevar i USA på første halvdelen av 1900-talet. Wright var ein nyskapande modernist som hadde stor innverknad i heimlandet, der dei fleste bygningane hans er, og elles. Wright var ein føregangsmann innan organisk arkitektur, spel med linjer og var mellom dei første som laga opne innelandskap og brukte ubehandla materiale og jernbetong. Han er særleg kjend for «Prairie-stilen», ei form for utstrekte, asymmetriske hus som danna grunnlag for utforminga av amerikanske bustadhus på 1900-talet.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Frank Lincoln Wright var fødd i Richland Center i Wisconsin. Han tok mellomnamnet Lloyd, frå mora Anna Lloyd-Jones, etter at foreldra skilde seg. Familien Wright flytta mellom fleire delstatar før dei slo seg ned i Wisconsin, der mora kom frå.

Han studerte ingeniørfag og det han kunne av arkitektur ved University of Wisconsin frå 1885 til 1886, men drøymde om Chicago, der det på denne tida blei reist ei rekkje moderne bygg.

Leikerommet i huset Wright teikna for familien sin.

Frå 1887 lærte Frank Lloyd Wright arkitektur i Chicago, mellom anna under Louis H. Sullivan, ein skyskrapar-pioner som han beundra. I 1889 gifta han seg med Catherine «Kitty» Tobin, som han fekk seks barn med.

I 1893 opna han sitt eige arkitektfirma. Wright var også med på å starta Chicago Arts and Crafts Society i 1897, men forkasta ikkje maskinen slik det var vanleg i denne rørsla, noko den kjende talen «The Art and Craft of the Machine» ber vitne om. Han fekk tilbod av den mektige arkitekten Daniel Burnham om å studera i Europa og arbeida for han, men ønska, som mange samtidige unge arkitektar, å finna ein eigen amerikansk stil. Rundt 1900 var denne rørsla fullvaksen som «Prairie-skulen», med Wright som hovudmann. Frank Lloyd Wright førelas om tankane sine, og fullførte fleire byggverk.

I 1909 forlét han Kitty for Mamah Cheney, kona til ein tidlegare oppdragsgjevar. Skandalen gjorde det vanskeleg å få oppdrag. I staden bygde Wright eit hus til seg sjølv, Taliesin, i heimtraktene til mora sin walisiske familie og med namn etter ein walisisk skald. Han reiste også til Europa og gav ut bøker om verka og tankane sine.

Trass i at han var sambuar med Cheney, ettersom han ikkje fekk skilsmisse frå kona, fekk Wright likevel nokre oppdrag i USA. I 1914, medan han var i Chicago og førebudde utelivsområdet Midway Gardens, sette ein galen tenar i Taliesin fyr på huset og drap Cheney, borna hennar og andre tenestefolk. Wright takla tragedien ved å gjenreisa den brende delen av huset som Taliesin II. I 1925 brann Taliesin ein gong til, denne gongen ved ei ulukke, og blei gjenreist.

Seinare blei Wright sambuar med skulptøren Miriam Noel, som han busette seg med i Japan i 1916 for å reisa Imperial Hotel, eit luksushotell der besøkande skulle kunna oppleva «vestleg komfort». I 1922 fekk endeleg Wright skilsmisse og gifta seg med Noel, men ekteskapet opphøyrde etter kort tid grunna hennar morfinbruk. Han slo seg seinare saman med Olgivanna Hinzenberg, som han fekk dottera Iovanna med i 1925 og gifta seg med i 1928.

Organisering

[endre | endre wikiteksten]

Pengenaud på 1920-talet førte til at Wright nær mista Taliesin. For å verna han økonomisk grunnla støttespelarar selskapet Wright, Incorporated, som handsama gjeld, eigedom og Wright sitt talent. I 1927-28 skreiv Wright artiklar om arkitektur og byrja med ein sjølvbiografi. Børskrakket i 1929 førte til byggestopp i USA, og Wright heldt i staden førelesingar i ei rekke byar.

I 1932 grunnla han treningsprogrammet Taliesin Fellowship, for fleire titals arkitektar og formgjevarar under opplæring som levde i og arbeidde med Taliesin. Nokre av dei blei verande med han i fleire tiår.

Wright bygde først bustadhus i forstadene til Chicago, lange, låge «Prairie-hus». I 1900-åra fekk han også i oppdrag å teikna kontorbygg og ei kyrkje for unitariarane, sitt eige kyrkjesamfunn. Unity Temple i Oak Park i Illinois er i dag rekna som eit nasjonalt minnesmerke i USA. Bygningar frå denne perioden var laga i rimelege, moderne materiale. Dei hadde store, enkle veggar og opne rom utan unødig oppdeling. Brukshus, som kyrkjer og kontorbygg, tok omsyn til vanskelege tomter og balanserte lyd og lys.

Inne i Guggenheim-museet.

I 1910-åra jobba han med Imperial Hotel i Tokyo, som imponerte då det overlevde eit jordskjelv i 1923. Takka vera utkraga bjelkebruk var hotellet ein av få større bygningar som stod.

På 1930-talet skapte Wright ein serie lågkostnadshus, kjend som «Usonians». Dei var laga med lokale materiale, med flate tak, typisk utan garasje med eit overhengande biltak, eller «carport», eit ord Wright fann på. Bygga nytta dagslys frå høgt plasserte vindauge til opplysing, sol og varmegolv til oppvarming, og naturleg nedkjøling.

Under og etter første verdskrigen stod han bak større byggverk i USA og Japan. Han stod bak kontorbygget Johnson Administration Building i Racine i Wisconsin (1936), det naturinspirerte Fallingwater i Pennsylvania (1939) og Guggenheim-museet i New York (1956), prega av ei original spiralrampe.

BildeNamnStadBygd årMerknad
Frank Lloyd Wright Home and Studio (vestsida)Frank Lloyd Wright Home and StudioOak Park i Illinois1889–1909
Larkin Administration BuildingLarkin Administration BuildingBuffalo i New York1904Riven 1950
Unity TempleUnity TempleOak Park i Illinois1906
Mrs. A. W. Gridley HouseMrs. A. W. Gridley HouseBatavia i Illinois1906
Robie HouseFrederick C. Robie ResidenceChicago i Illinois1909
TaliesinTaliesin ISpring Green i Wisconsin1911Delvis brend 1914 og 1925, men gjenoppbygd.
Imperial HotelImperial HotelTokyo i Japan1923Rive 1968, inngangspartiet gjenreist i 1976 ved Meiji Mura nær Nagoya.
Fallingwater (Kaufmann House)Pennsylvania1935–1939
Taliesin WestScottsdale i Arizona1937Vinterbustad og skule for Wright fram til han døydde.
Community Christian Church KCMOCommunity Christian ChurchKansas City i Missouri1940
First Unitarian Society of MadisonFirst Unitarian Society of MadisonShorewood Hills i Wisconsin1949–1951
Guggenheim-museetGuggenheim-museetNew York by1956–1959
Gordon House, eit Usonian-hus.Gordon HouseSilverton i Oregon1964Eitt av Usonian-husa.
Annunciation ChurchAnnunciation Greek Orthodox ChurchWauwatosa i Wisconsin1961 (teikna 1956)
    • «Wright, Frank Lloyd», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2009 
    • «Wright, Frank Lloyd», Who's Who in the Twentieth Century, Oxford University Press, 1999 
    • James Stevens Curl (2006), «Wright, Frank Lloyd Lincoln», A Dictionary of Architecture and Landscape Architecture, Oxford University Press 

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Frank Lloyd Wright