Asker-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fokker F28 Fellowship

Asker-ulukka var ei flyulukke 23. desember 1972 då flight 239 frå Braathens SAFE frå Ålesund lufthamn, Vigra styrta i skogen i nærleiken av Asdøltjern i Vestmarka i Asker, nær grensa til Lier, under innflyginga til Oslo lufthamn, Fornebu. Flyet hadde 42 passasjerar og eit mannskap på tre, og 40 av dei omkom. I 1976 døydde ein person av seinskader etter ulukka, i følgje Dagbladets utgåve 23/12-1992.

Ulukka var den verste som eit norsk flyselskap hadde vore utsett for fram til Partnair-ulukka i 1989. Ulukka var òg den første fatale styrten for flytypen Fokker F28 Fellowship. Dessutan var ulukka den verste på norsk jord fram til Operafjellulukka i 1996, då eit russisk fly styrta på Operafjellet på Svalbard.

Ulukka[endre | endre wikiteksten]

Årsaka til ulukka vart aldri heilt klårlagd. Havarikommisjonen kunne konstatere at flyet var om lag fire nautiske mil ute av kurs då det råka tretoppane i Vestmarka i mørke og tåke. Flyet fylgde soleis ikkje innflygingsruta, men hadde likevel byrja på nedstiginga for landing mot aust på rullebane 06 på Fornebu. Det flaug såleis for lågt over dette høgtliggjande terrenget. Men kvifor flyet var kome ut av kurs, kunne ikkje avgjerast. I høve til ILS, det instrumentlandingssystemet på flyplassen som sender ut signal som gjev luftfartøya presis informasjon om navigeringa for å lande, var flyet ti nautiske mil ute av den kursen det skulle ha hatt under landinga. Om dette skuldast at flygarane ynskte å ta ein snarveg, eller fordi ILS–systemet i flyet ikkje fungerte slik det skulle, er ikkje kjent. Tåke og lågt skydekke kan òg ha vore avgjerande faktorar.

Redningsarbeidet[endre | endre wikiteksten]

Eit stort tal friviljuge møtte fram for å hjelpe til med å finne flyet, mellom anna lokalkjente orienteringsløparar frå Asker Skiklubb, men vart bedne om å halde seg i ro til alt var koordinert av operasjonsleiinga.[1] Men ei gruppe på seks personar frå Sylling, med ein flygar som leiar, drog ut i terrenget på eiga hand og fann flyet litt over klokka 22, nesten seks timer etter at det hadde styrta. Dei hadde ikkje radio, og måtte proritere å take seg av dei sju overlevande. Ikkje før klokka 23 fekk politiet melding, og sanitetspersonell og helikopter vart sende til staden. Helikopteret frakta dei overlevande til garden Solli, der dei vart sende vidare til sjukehus med ambulanse. Ein av dei skadde døydde under transporten, og ein annan døydde andre joledagen.

Fleire år etter ulukka vart det i jola hengt opp ein krans på ulukkesstaden. Asker kommune og flyselskapet reiste hausten 1998 eit minnesmerke over dei omkomne om lag 250 meter nordaust for den restaurerte tømmerhoggarkoia Myggheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningane om redningsarbeidet er henta frå Tore Brønner og Kjeld Jakobsens hefte Myggheim, side 46, Asker 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]