Askvoll kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°20′52″N 5°4′12″E

Askvoll kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Fellesråd Askvoll
Sokn Askvoll
Stad Askvoll 
Type Langkyrkje
Arkitekt Anders Askevold
Material Tre
Innvigd 13. desember 1863
Sitjeplassar 425

Askvoll kyrkje står i Askvoll sentrum i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje frå 1863.

Askvoll kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Askvoll kyrkje
Askvoll med kyrkja.
Foto: Egil Husabø

Arkitekt for kyrkja var kunstnaren Anders Askevold, han har òg måla altartavla som syner Jesus i bøn i Getsemane. Altartavla vart måla til den førre kyrkja, og vart berga ut då denne brann ned i 1862.[1]

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 låg soknet i Askvoll prestegjeld.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kyrkja er den fjerde kjende i bygda. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg stod på staden som no vert kalla Kyrkjebakken og som fyrst er nemd i kjeldene i 1306. Den andre kyrkja vart bygd i 1604, og var ei tømra kyrkje som stod til 1859, då vart ho erstatta av ei krosskyrkje som berre fekk stå tre år før ho brann ned etter at lynet slo ned i henne.[2]

1814[endre | endre wikiteksten]

I 1814 var Askvoll sokn hovudsokn i Askvoll prestegjeld, og Askvoll kyrkje var hovudkyrkja. Soknepresten i 1814 var Peter Johan Arnet (1740-1826) frå Skogn i Levanger. Han tok til i stillinga i 1789 og gjekk av med pensjon 14. desember 1815.

Prins Christian Frederik sendte i 1814 ut ei kunngjering om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag i hovudkyrkja i prestegjeldet. Den tømra kyrkja frå 1604 husa både eidsavlegging og val av to representative valmenn til eit amtsvalmøte. I Askvoll kyrkje vart bededagen halden 18. mars.

Askvoll kyrkje var vallokale tre gonger i 1814: På den særskilde bededagen 18. mars, ved valet av valmenn til omframt storting 9. september og ved valet av valmenn til det første ordinære stortinget 30. desember.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]