Astafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°43′42.287″N 16°58′25.957″E Astafjorden er ein fjordarm av Vågsfjorden i Skånland, Ibestad og Gratangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 19 km austover langs sørsida av Rolla til fjorden Salangen, som held fram austover.

I vest startar fjorden mellom Sørrollnes i nordaust og bygda Sandstrand i sørvest. Andre busetnader på sørsida er Hilleshamn heilt i aust. Frå her går Gratangsfjorden eller Gratangen søraustover. Ein anna fjordarm er Grovfjorden som går sørover om lag midtvegs i fjorden.

På nordsida finn ein i tillegg til Sørrollnes bygdene Forså og Breivoll. Tettstaden Hamnvik er administrasjonssenter i Ibestad kommune og ligg heilt aust i fjorden på Rolla. Her kryssar Riksveg 848 under sundet Bygda via Ibestadtunnelen over til øya Andørja på andre sida. Vidare innover på sørsida av Andørja ligg Salangen (Salangsfjorden).

I tillegg til Rv848 går Riksveg 825 langs sørsida av fjorden.