Astrid Brekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Brekken
Fødd 24. april 1943
Lesjaskog
Yrke journalist, sosiolog, bonde, omsetjar

Astrid Oddrun Brekken (fødd 24. april 1943) er ein norsk sosiolog, journalist og sauebonde i Lesja. Ho er mest kjend som programleiar i NRK.

Brekken er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Oslo og har dessutan hovudfag i sosiologi frå studium ved New York University (1969-71). Seinare studerte ho spansk og litteratur same stad (1995-96). Brekken verka ved distriktskontora i NRK (1963-68), men har frå 1971 vore tilsett i Opplysningsavdelinga og P2's faktaavdeling. Ho har vore programleiar i Sånn er livet (1984-), WOK og På livet laus, der ho blant anna portretterte Doris Lessing (2000).[1]

Astrid Brekken var med i etableringa av Nyfeministene (1970) og blant initiativtakarane til Sirene,[2] der ho verka frå 1973 til 1978. Brekken var redaktør for Syn og Segn frå 1980 til 1989. Ho har hatt faste spalter i tidsskrifta Norsk Landbruk og Bonde og småbrukar. Vidare har ho sete i Norsk språkråd og Alternativ Framtid, vore nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening, styremedlem i Forum for Systemdebatt og medlem i Rådet for Kvinneuniversitetet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Opinion-formation on the women's liberation movement : a study of the relative importance and effect of interpersonal and mass communication (hovedfagsoppgåve, utgitt 1972)
  • Hvem snakker i NRK? (1974)
  • Kvinnefrigjøring og lokalsamfunn (Populist-serien, 1976).
  • Astrid Brekken og Solveig Bøhle, Å leve sammen (Aschehoug, 1976)
  • Bente Clod, Brudd: Portrett av en utvikling (Tiden forlag, 1979). Omsetjing.
  • Faith McNulty, Den brennende sengen (Tiden forlag, 1981). Omsetjing.
  • Bente Clod, Syv sinn (Tiden forlag, 1982). Omsetjing.
  • Barn og jobb. Hvordan klarer vi det? (Aschehoug, 1984). Red.
  • Fra rødstrømper til silkehansker. Samtaler med norske kvinner (Cappelen, 1993).
  • "Kvinnebønder" (Boksmia forlag 2013)

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]