Kvinneuniversitetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvinneuniversitetet er eller har vore namn på tre ulike institusjonar i Noreg:

  • Kvinneuniversitetet, som vart skipa som ei stifting i 1983 av Berit Ås og Ragnhild Queseth HaarstadLøten og flytta til Hamar i 2006, har no namnet Likestillingssenteret. Det er eit tverrfagleg kompetansesenter med likestilling som fagområde,og arbeider på grunnlag av eit breitt likestillingsomgrep som inkluderer diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, livssyn, alder, seksuell orientering og nedsett funksjonsevne. Likestillingssenteret driv informasjon og er ein aktiv pådrivar og drivkraft for auka likestilling lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • Kvinneuniversitetet i Norden vart skipa som ei stifting i 2011 med med stønad frå Kunnskapsdepartementet, og med Høgskolen i Nesna som vertsinstitusjon, no Nord universitet, studiestad Nesna. Kvinneuniversitetet i Norden er den eigenlege vidareføringa av det Kvinneuniversitetet som vart skipa av Berit Ås på Løten i 1983, og driv med forsking og forskingsformidling i eit nordisk og internasjonalt perspektiv på slike spørsmål, tilhøve og rettar som er relatert til kvinner spesielt.
  • KUN, som vart skipa som stiftinga Kvinneuniversitetet Nord i 1991, er eit kompetansesenter for kjønnslikestillingsspørsmål med tilhald i Steigen i Nordland og Steinkjer i Trøndelag. Institusjonen brukar no berre namnet KUN. Vedtektene for stiftinga og oppdragsbrev frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) legg rammene for verksemda. Arbeidet ved senteret gjeld likestilling og inkludering både i Noreg og internasjonalt, med rettferd og likeverd som kjerneverdiar. Viktig er å gjere synleg slik diskriminering som har grunnlag i seksuell orientering, alder, nedsett funksjonsevne, etnisitet og religion. Målsettinga er å få til samfunn der alle har like rettar og moglegheiter på alle samfunnsområde, som i politikk, familieliv, arbeidsliv og på fritida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]