Astrid Krog Halse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Krog Halse
Astrid Krog Halse in 1960.jpg
Fotograf: Kåre Halse
Nasjonalitet Norsk
Fødd 25. januar 1914
Meldal
Død

7. februar 2007 (93 år)
Trondheim

Yrke Lærar og lyrikar
Debut 1961

Astrid Krog Halse (fødd 25. januar 1914 i Oppbygda i Meldal, død 7. februar 2007 i Trondheim) var ein norsk lærar og lyrikar, som er kjend for dikt på meldalsmål.

Astrid Krog Halse var fødd inn i ein lærarfamilie. Som vaksen arbeidde ho òg som lærar, først på Ørlandet og i Hommelvika, før ho slo seg til ro ved Strindheim skole i Trondheim.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Krog Halse skreiv dei fleste dikta i tida si i Trondheim, men dei var sterkt påverka av oppveksten i Meldal. Debuten kom i 1961 med diktsamlinga Marimesse. I alt gav ho ut elleve diktsamlingar for born og vaksne, nokre av dei var gitt ut privat. Ho las sjølv fleire av dikta sine i Ønskediktet medan dette programmet gjekk i NRK radio. Ho fekk Meldal kommune sin kulturpris i 1998. Målet hennar mor, dikt i samling, kom på eit lokalt forlag i 2000. Ho har også skrive barneskodespel og lokalhistorie frå Meldal.

Mange av dikta har gode kjelder i dialekt og historie i Meldal. Meldalsdialekten høyrer til gruppa indre sørtrøndermål. Meldalsmålet er omtalt av Ola Stemshaug i bygdeboka bind 1 for Meldal (frå side 395).

Dikta varierer mellom naturskildringar, dystre eller muntre historier, regler eller personlege tema. Dikta har bunde, taktfast form og har inspirert mange musikarar til tonesetting.

Musikkgruppa Gåte sette musikk til fleire av tekstane hennar. Mange andre komponistar og musikarar har også sett toner til dikta til Astrid Krog Halse. Eit utval av desse er medteke under.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Halse var svigerdotter til forfattaren Leif Halse.

Dei siste åra av livet levde Krog Halse på Ranheim sjukeheim i Trondheim.

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1961 - Marimesse, debut
  • 1964 - Løssi-natta
  • 1966 - Gull over gråstein
  • 1968 - Trettondagskvelden
  • 1969 - Oska og elden
  • 1970 - Dolsi Dalom: åt bånnom
  • 1973 - Storofsin
  • 1974 - Ante i Åsa, barnedikt
  • 1975 - Myrull
  • 1982 - Medaldal med segn og soge
  • 1994 - Gardgras
  • 2000 - Målet hennar mor, inneheld alle dikta hennar nb.no Utvalde dikt er illustrert av Kai Krog Halse

Tonesettingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2013: Marthe Belsvik Stavrum: «Eg siglar min båt» på CD-en Speilets tale[1]
  • 2012, 2015: Heidi Skjerve, i alt 6 tonesettingar: 3 på CD-en Vegen åt deg, 2 på CD-en Jazz frå skogom,[2] 1 på CD-en Still.
  • 2008: Wenche Hovstein Olsen: 5 tonesettingar
  • 2008, 2015, 2020: Karstein Mauset, i alt 14 tonesettingar: 4 på CD-en Bastuba (med Perikom), 3 på CD-en Flomål (med Perikom), 7 på CD-en Fredlaus
  • 2003-2005: Gåte: I alt 6 tonesettingar på CD-ane Gåte, Jygri og Iselilja
  • 1990? Ronny Kjøsen: 3 tonesettingar/arrangement
  • 1985-1990: Laila Fagerhaug Grut, i alt 23 tonesettingar: Dei fleste på kassettane Låt og Olåt,[3] Kåsså Råsså og Ante i Åsa
  • 1982-1985: Tor Haldberg: 22 tonesettingar
  • 1970-1979: Per Hjort Albertsen: 8 tonesettingar, 5 på CD-en Selected Works i 2013
  • 1970: Geirr Tveitt: Eg møte deg alder, på CD-en Tonen med Birgitte Grimstad.[4]
  • 1964-1976: Sigmund J. Stai: 7 tonesettingar
  • 1961: Paul Okkenhaug: No kime' alle klokkun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Speilets tale», marthe belsvik stavrum (på norsk bokmål), 17. april 2013, henta 23. februar 2021 
  2. «Skjerve - jazz fra skogan», Øra Fonogram, henta 24. februar 2021 
  3. «Låt og Olåt - eit tilbakeblikk», www.meldal.no, henta 24. februar 2021 
  4. «Birgitte Grimstad synger Geirr Tveitt», birgittegrimstad.no, henta 24. februar 2021