Augetrøyst
Hopp til navigering
Hopp til søk
Augetrøst | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytina |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Augetrøst Euphrasia L., 1753 |
Augetrøyst, augnetrøyst eller svoleblom (Euphrasia) er små eittårige planter i snylterotfamilien. Augetrøysten er ein halvsnyltar, noko som vil seie at dei delvis utfører fotosyntese og produserer organisk stoff sjølve, og delvis stel ferdig næring frå røtene til andre planter.
Augetrøyst er ein vanleg art med mange nærtståande artar. Han veks frå havnivå og opp til høgfjellet. Namnet har han fått fordi han tidlegare vart mykje nytta som augemedisin.
Desse artane veks vilt i Noreg:
- Lyngaugnetrøyst (Euphrasia micrantha)
- Storaugnetrøyst (Euphrasia rostkoviana)
- Strandaugnetrøyst (Euphrasia bottnica)
- Vanleg augnetrøyst (Euphrasia stricta)
- Gråaugnetrøyst (Euphrasia nemorosa)
- Fjellaugnetrøyst (Euphrasia frigida)
- Tromsøaugnetrøyst (Euphrasia hyperborea)
- Shetlandsaugnetrøyst (Euphrasia borealis)
- Skottlandsaugnetrøyst (Euphrasia scotica)
- Lappaugnetrøyst (Euphrasia lapponica)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Augetrøyst» i Caplex.