Aurelia Frick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aurelia Frick

Statsborgarskap Liechtenstein
Fødd 19. september 1975 (48 år)
St. Gallen
Yrke politikar, advokat
Politisk parti Fortschrittliche Bürgerpartei
Aurelia Frick på Commons
Frå venstre til høgre: Austerrikes utanriksminister Karin Kneissl, Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavuşoğlu, Liechtensteins utanriksminister Aurelia Frick, Noregs utanriksminister Ine Eriksen Søreide og Andorras utanriksminister Maria Ubach Font under ministerrådsmøtet til OSSE i Milano 6. desember 2018

Aurelia Cäcilia Katharina Frick (fødd 19. september 1975 i St. Gallen) er ein liechtensteinsk politikar som frå 2009 til 2019 var utanriksminister i Liechtenstein.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Frick er dotter av ein kjøpmann.[1]

Frick gjekk på Liechtensteinisches Gymnasium i Vaduz før ho utdanna seg til jurist i Sveits. Ho studerte frå 1995 juss ved Universität Freiburg og avslutta i 1999 med lisensiatgrad.[2] I 2004 avla ho advokateksamen i Zürich. Den juridiske doktorgraden avla ho i 2005 ved Universität Basel.

Frå 2001 arbeidde Frick i domstolsvesenet og i eit advokatfirma i Zürich, før ho frå 2005 til 2006 arbeidde i London.[2] Deretter arbeidde ho for leiarrekrutteringsfirmaet Dr. Bjørn Johansson Associates AG i Zürich før ho i eit par år arbeidde som sjølvstendig næringslivskonsulent. Frå 2008 til 2009 førelas ho også ved Hochschule Liechtenstein.

Frick blei i 2009 regjeringsmedlem og utanriksminister.[2] I tillegg til utanrikssaker, har porteføljen hennar omfatta justissaker og kultur (2009–2013), undervisning og kultur (2013–2017) og frå mars 2017 igjen justissaker og kultur. I juli 2019 tapte ho eit mistillitsframlegg mot seg og gjekk av som utanriksminister.[3]

Frick er medlem av Fortschrittliche Bürgerpartei (FBP), der ho frå 2009 sat i presidiumet til partiet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frick, Aurelia», Historisches Lexikon des Fürstentums Liechtenstein. Lest 22. desember 2018.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Regierungsrätin «Dr. Aurelia Frick» Arkivert 22. desember 2018 på Wayback Machine., Regierung des Fürstentums Liechtenstein. Lest 22. desember 2018.
  3. Günther Meier (2. juli 2019). «Liechtenstein: Aussenministerin Frick verliert Vertrauen». Neue Zürcher Zeitung (på tysk). Henta 13. april 2020.