Australskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Australskarv
Australskarv, januar 2008 Foto: Glen Fergus
Australskarv, januar 2008
Foto: Glen Fergus
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: Australskarv P. varius
Vitskapleg namn
Phalacrocorax varius

Australskarv (Phalacrocorax varius) er ein stor medlem av skarvfamilien med utbreiing avgrensa til Australia og New Zealand.

Australskarvar er ca. 81 centimeter i gjennomsnittleg lengd og veg om lag 2 kilogram. Oversida er glansfull, svart, ansikt og heile undersida frå hals til undergump er kvit, men beina og ei stripe frå beina opp til oversida er i svart. Auga er grøne med blå augering og framføre auga er det ein brungul, naken hudflekk. Ungfuglar har brun overside og er brunflekkete.

Australskarvar hekkar i det meste av kystområda av Australia, dei finst òg i innlandet av Australia der et ikkje er for tørt. På New Zealand hekkar dei meir spreidd, hovudområda er Kaipara Harbour og Hokianga Harbour på nordvestre Nordøya, dessutan spreidd på austkysten av Nordøya. På Sørøya hekkar dei i nordaustre kystområde frå Tasman Bay til Banks Peninsula, ved delar av Stewart Island/Rakiura og Fiordland. Ein finn òg hekkande australskarvar i store innsjøar.

Denne skarvarten er kolonihekkar og hekkar gjerne saman med andre artar som kortnebbskarv og storskarv. Hekketida er så og seie året rundt. Føda består hovudsakleg av 6 til 15 cm lange fiskar, det inkluderer flyndrer og ålar. Dei er gode dukkarar, kan vere under vatn i opp til 225 sekund og gå ned til 20 meter, mest vanleg varer dukka i 20-30 sekund med pausar på 5-10 sekund.

IUCN reknar ikkje denne arten som trua.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Australskarv