Kortnebbskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kortnebbskarv

Status i verda: LC Livskraftig

KortnebbskarvFoto: JJ Harrison
Kortnebbskarv
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. melanoleucos
Vitskapleg namn
Phalacrocorax melanoleucos

Kortnebbskarv (Phalacrocorax melanoleucos) er ein skarv og er ein vanleg australasiatisk vassfugl, funne rundt kystar, ved øyar, elvemunningar og i vassdrag i Australia, på Ny-Guinea, New Zealand, Malaysia og Indonesia, og rundt øyane det sørvestlege Stillehavet og dessutan som streiffuglar på subantarktiske øyar som Aucklandøyane. Som det norske namnet ymtar om er dette en skarv med kort nebb, vanlegvis med svart overside og kvit underside med gult nebb og ein kort, svart kam eller fjørtufs på hovudet, sjølv om ei svart form med kvit strupe dominerer på New Zealand. Inntil nyleg refererte dei fleste autoritetar til denne arten som Phalacrocorax melanoleucus, i dag nyttar mange namnet Microcarbo melanoleucos, til dømes IOC World Bird List.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kortnebbskarv er ein liten skarv som måler 56-58 cm med eit nebb på berre 3 cm, og relativt lang hale, lengre hale enn hos lagfiskeskarv. På New Zealand finst både den svartkvite forma og ein mørk morf med mellomformer. Den svartkvite morfen har svart overside med grønleg skjer, undersida med bryst, strupe kinn til over auga er i kvitt. I den mørke forma er heile fjørdrakta svart med eit grønaktig skjer med unntak av kvitt på sidene av hovudet, haka, halsen og øvre nakke. Auga og beina er svarte hos alle fargeformer.

Ungfuglane er mørkebrune eller svarte, den svartkvite morfen har bleikare fjører på undersida.[1] Unge fuglar har mørkt nebb.[2]

Kortnebbskarvar gjev ein låg 'kuuing' under paringsleik,[1] elles er dei støyande ved reirplassen med varierande lydytringar.[2]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Den mørke morfen finst berre på New Zealand, der begge former eksisterer med fordeling etter breiddegrad. På Nordøya er 15 % av polulasjonen svartkvit, bortsett frå lengst nord der heile 60 % er i denne forma. På Sørøya er berre 8 % svartkvite. Arten er distribuert over heile New Zealand, frå Stewart Island til Northland, på Campbelløyane og tvers over fastlandet av Australia, men ikkje i den tørre, indre vestlege delen av landet, Tasmania og Indonesia.[3] Han er vanleg i leveområdet, der han lever nær vatn som sumpar, innsjøar, laguner, elvemunningar og ved kysten.[1][3]

Kortnebbskarven lever av føde han fangar under dukking. Dukka kan vere på 5 til 10 sekund med pausar på 2-3 sekund i mellom. I ferskvatn tar dei krepsdyr og småfisk, i havet mest vanleg loddefiskar og fiskeyngel.[2]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekkinga skjer ein gong i året på våren eller tidleg sommar i store koloniar i den sørlege delen av utbreiingsområdet, det vil seie sørlege Australia og New Zealand, og etter monsunen i tropiske regionar. Reiret er ei plattform bygd av greiner og pinnar, ofte med enno grøne med blad, vanlegvis i eukalyptustre som står i vatn. Reirplassane er ofte plassert i nærleiken av andre vassfuglar, inkludert andre skarveartar som australskarv, hegrar, ibisar eller skeistorkar. Vanlegvis legg dei fire eller fem lyseblå ovale egg. Egga blir dekt med eit tynt lag av kalk, noko som gjev dei ein mattkvit utsjånad. Gjennom hekkeperioden blir både egga og reiret meir farga av avføring.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Falla RA; Sibson RB, Turbott EG (1972) [1966]. A Field guide to the birds of New Zealand. Auckland: Collins. s. 67. ISBN 0-00-212022-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Heather og Robertson 2005
  3. 3,0 3,1 Slater, Peter (1970). A Field Guide to Australian Birds:Non-passerines. Adelaide: Rigby. ss. 208–09. ISBN 0-85179-102-6. 
  4. Beruldsen, G (2003). Australian Birds: Their Nests and Eggs. Kenmore Hills, Qld: self. s. 190. ISBN 0-646-42798-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kortnebbskarv