Fiordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinterutsyn frå den vestre munningen til Homer Tunnel.

Fiordland er ein geografisk del av New Zealand som ligg i det sørvestlege hjørnet til Sørøya, og utgjer den vestlege tredjedelen av regionen Southland. Det meste av Fiordland er dominert av dei bratte sidene til den snødekte fjellkjeden Søralpane, djupe innsjøar og dei overfløymde dalane vestover. Namnet «Fiordland» kjem av ein stavingsvariant av det skandinaviske ordet for slike bratte dalar som er overfløymde av havet, «fjord».

Fiordland har ei rekkje fjordar (ofte feilaktig kalla sund), der Milford Sound er den mest kjende, medan Doubtful Sound er lengre, og har fleire og lengre fjordarmar, men er også mindre tilgjengeleg. I Fiordland ligg òg fossane Browne Falls og Sutherland Falls, som er blant dei høgaste fossefalla i verda, og dei tre djupaste innsjøane på New Zealand, Lake Hauroko, Lake Manapouri og Lake Te Anau. Denne delen av New Zealand har eit svært fuktig klima, med ei årleg nedbørmengde på 6 300mm[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fiordland har aldri hatt permanent busetnad av betydning. Sjølv maoriane kom berre midlertidig hit på jakt og fiske, eller for å henta den verdfulle steinen Pounamu (New Zealand jade - ei form for serpentin) frå Anita Bay og munningen til Milford Sound[2].

Området vart administrert som Fiord County frå 1876 til det gjekk saman med det tilliggjande Wallace County i 1981. Sidan 1989 har det vore ein del av Southland District, som i sin tur ligg i regionen Southland.

Tilhøyrande fjordar[endre | endre wikiteksten]

Frå nord til sør:

To innløp – Chalky og Preservation – leier høvesvis inn til Cunaris Sound og Long Sound.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Området er klassifisert som Fiordland temperate forests økoregion, har fleire ulike habitat, og på grunn av isolasjonen også eit høgt tal av endemiske plantearter. Mykje av Fiordland er tett skogkledd, utanom der berggrunnen ligg oppe i dagen. Dei naturlege habitata er nesten fullstendig urørte. Nothofagus bøketre dominerer på mange stader, sølvbøk ((Nothofagus menziesii) i fjordane, og raudbøk (Nothofagus fusca) i dalane innover i området. I underskogen er det ein stor variasjon av busker og bregnar, mellom desse kronebregne, Blechnum discolor, område med buskaktige urteplantar over tregrensa, flekker med myr inntil fjellbekker, og endeleg eit område med Rimu (Dacrydium cupressinum)-tilvaksne sanddyner i Waitutuområdet ved sørkysten[3]. Området er tilhaldsstad for trua innfødde fugleartar, som den ikkje flygedyktige takahe (Porphyrio hochstetteri), kiviar (Apteryx), kaskadeand (engelsk Blue Duck, maori whio) (Hymenolaimus malacorhynchos) og gulhovudmohua (engelsk Yellowhead, maori mohua) (Mohoua ochrocephala)). Der er også ei stor mengde insekt og eit innfødd krypdyr, Fiordland skink (Oligosoma acrinasum), ei øgleart[4].

Det meste av området ligg innanfor Fiordland National Park, ein del av Te Wahipounamu verdsarvstad. Fiordland National Park har ei flatevidd på 12 120 km², dette gjer han til den største nasjonalparken på New Zealand, og ein av dei større i verda. Han inneheld mange turistattraksjonar, som Milford Sound, Doubtful Sound og vandringsruta Milford Track. Det største trugsmålet mot dei naturlege habitata kjem frå innførte artar, særleg hjort, men desse vert no jakta ut or området. Elles ligg det langs kysten fleire små øyer som er fri frå innførte artar, og som er klassifiserte som særskilt verna område (Specially Protected Areas).

Fleire område utanfor kysten inngår i Fiordlands marine reservat.

Demografi / Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fiordland har aldri hatt meir enn nokre få innbyggjarar, og er det minst busette området på Sørøya på New Zealand (48 i 2001, i røynda ubygd),[5][6] utan byar og med mange utilgjengelege område utanom sjø- eller luftvegen. Dei einaste busetnadane nær eller i Fiordland (avhengig av definisjonen) er Manapouri og Te Anau som har 2 000 permanent busette og kring 3 000 turistsenger[7]. Den næraste byen er Invercargill.

Blanket Bay Hotel kan vera den vestlegaste permanent busette staden på New Zealand. Dette er ein forsyningsstasjon for fiskarar som ligg på ei lita øy ved innløpet i Doubtful Sound[8][9].

Utanom produksjon av elektrisitet ved Manapouri Power Station og litt jordbruk, er turisme den einaste større økonomiske faktorren i området. Tilreisande la i 2003 etter seg 92 millionar NZ$, og 1 017 menneske var fulltidstilsette i turistindustrien i Fiordland, i tillegg hadde 1 900 arbeid tilknytt tenester til turismen[10]. Dei fleste turistane vitjar Milford Sound, medan fotturar i dei meir tilgjengelege austlege delane av Søralpane også er ein populær aktivitet. På grunn av at dette området ligg så avsides, vert også turismen avgrensa, og etter korte opphald på dei største stadane dreg dei fleste turistane attende til større stadar, som til dømes Queenstown eller Invercargill.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mean Monthly Rainfall - frå NIWA, the National Institute of Water and Atmospheric Research.
  2. http://www.fiordland.org.nz/Explore-Fiordland/Fiordlands-History.asp
  3. C. Michael Hogan. 2009. Crown Fern: Blechnum discolor, Globaltwitcher.com, ed. N. Stromberg
  4. http://www.worldwildlife.org/wildworld/profiles/terrestrial/aa/aa0403_full.html
  5. Population (frå the Fiordland Community Profile at Statistics New Zealand)
  6. Note that the census area cited here does not match other statistical areas such as that used for the employment numbers also given below, which uses a wider area.
  7. QuickStats About a Place Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006. Busetnadar i Southland District
  8. Fiordland Groper (from 'fishingmag.co.nz' website. Vitja 19. februar 2012.)
  9. Satellitfoto av Blanket Bay Hotel (frå Wikimapia si vevside. Vitja 19. februar 2012.)
  10. Milford Sound Transport - Issues and Options (GHD Ltd for Venture Southland, 2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°24′ S 167°12′ E