Austre Moland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°32′47.02″N 8°48′39.98″E

Austre Moland kyrkje
Austre Moland kirke
A-Moland-krk.jpg
Austre Moland kyrkje
Foto: Friman
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Arendal
Sokn Austre Moland
Fellesråd Arendal
Type Krosskyrkje
Arkitekt Ole Ormsen (1673), Ole Nielsen Weierholt (1750), Beint Gundersen Skjævestad (1779)
Material Tre
Innvigd 1673
 - Endringar 1750, 1775, 1779, 1797, 1870-åra, frå 1920-åra fram mot 1961
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Frå 1730-åra, med evangelistbilete av Mogens Fogh
Døypefont 1754 (staffert 1797)
Altartavle Ole Nielsen Weierholt, 1784
Sitjeplassar 496[1]
Diverse Baldakin ved vestportalen av Weierholt 1780. Skriftestol måla av Jens Christensen Stær i 1784.
Wikimedia Commons: Austre Moland kirke

Austre Moland kyrkje er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Aust-Agder.

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje på staden. Ho vart riven i 1672, og dagens kyrkje vart innvigd året etter, ei langkyrkje oppført av byggmeister Ole (eller Oluf) Ormsen. Ole Nielsen Weierholt bygde tårn på kyrkja i 1750, og i 1775 vart spiret endra av den same Weierholt og fekk dei fire fialene. I 1779 vart kyrkja utvida til krosskyrkje av byggmeister Beint Gundersen Skjævestad, med det gamle skipet som vestre krossarm.

Austre Moland kyrkje is located in Aust-Agder
Plasseringa til Austre Moland kyrkje

Mykje av inventaret er frå 1700-talet. Det vart overmåla og skifta ut i 1870-åra, før kyrkja vart restaurert frå 1920-talet og fram mot 1961. Kyrkja har karakteristisk måla dekor på utsida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nilsen, Sigrid E. (1997). Austre Moland kirke. Austre Moland menighetsråd. 
  • Nenseter, Bjarne (1992). «Austre Moland kirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 14-15. ISBN 82-7627-003-4. 
  • Kyrkjesøk

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Weierholt, Olav (1973). Kirken i Austre Moland: festskrift til 300-års jubileet i 1973. Arendal. 
  • Vis Austre Moland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 474. ISBN 82-7527-022-7. 
Mot altaret
Foto: Jan-Tore Egge