Trefoldighet kyrkje i Arendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°27′33.17″N 8°45′56.74″E

Trefoldighet kyrkje
Arendal Trefoldighetskirke.JPG


Foto: KEN

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Agder og Telemark
Prosti:  Arendal
Fellesråd:  Arendal
Sokn:  Trefoldighet
Innvigd:  29. juni 1888
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Krosskyrkje
Arkitekt:  Christian Fürst
Teknikk:  Mur
Materiale:  Teglstein
Klokker:  3, Bochumer Verein; dessutan klokkespel frå Olsen Nauen, 1973
Kyrkjerommet
Preikestol:  Egon Schmüser, 1888
Døypefont:  Egon Schmüser, 1888
Altartavle:  August Eiebakke, 1898
Orgel:  Mühleisen, 2010
Plassar:  850
Commons-logo.svg
Trefoldighet kyrkje i Arendal på Commons

Trefoldighet kyrkje (Trefoldighetskirken eller Treeinigskyrkja) er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Aust-Agder.

Dette er den tredje hovudkyrkja for Arendal — og den tredje som er vigd til treeininga. Kyrkja er eit landemerke på Tyholmen og har eit tårn som rager 87 meter i været. Krossarmane (tverrskipa) er breie, men nokså korte, og kyrkja kan for mange sjå ut som ei langkyrkje utanfrå. Sjølv om Christian Fürst vert kreditert som arkitekt for kyrkja, vart mange av detaljteikningane og det meste av interiøret teikna av Egon Schmüser, som var studiekamerat av Fürst, og som hadde rollen som byggeleiar.

Som sokkel for kyrkja i det bratte terrenget er ein basarhall. Det har gjennom åra vore store problem med frostsprenging på teglsteinen i denne og i kyrkjefasaden. Mykje av fasadesteinen har vorte skifta ut, og i 2005 reiv ein heile basarhallen og bygde ein ny basar etter dei same teikningane.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Etter eit økonomisk krakk i 1886 måtte ein utsette nokre av planana når det gjaldt inventar. Altartavla er difor ti år yngre enn kyrkja. Biletet er måla av August Eiebakke og har tittelen «Jesus velsigner de elleve apostler før sin himmelfart». Preikestolen og døypefonten var laga av snikkar H.P. Larsen etter teikningane til Schmüser. Kyrkja fekk nytt orgel i 2010.

Kyrkjegard[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det kyrkjegard på Tyholmen, men i dag er hovudkyrkjegarden for Arendal by eit par kilometer unna.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anonym (1955) Trefoldighet menighet i Arendal 1705-1955 – P.M. Danielsens trykkeri, Arendal.
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002) Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet, s. 160-163 – ARFO, Oslo. ISBN 82-91399-11-5.
  • Aanensen, Hans Olaf og Lindland, Jan (2007) Kirkebasaren i Arendal: Tilblivelse, forfall og gjenoppbygging – Stiftelsen Kløckers hus, Arendal. ISBN 978-82-303-0939-1.
  • Nenseter, Bjarne (1992) «Trefoldighetskirken» – i: På kirkevandring i Aust-Agder, s. 10-11 – Kilden forlag, Arendal. ISBN 82-7627-003-4.
  • Rasmussen, Alf Henry (1993) Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, s. 472 – Vanebo forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]