Austrofascisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Austrofascisme er ein term mykje bruka for å beskrive det autoritære styret i Austerrike mellom 1934 og innlemminga i Nazi-Tyskland i 1938. Det austrofascistiske regimet var basert på det nyetablerte statsberande partiet Fedrelandsfronten og høgremilitsen Heimwehren ("Heimeverna"). Leiarane var Engelbert Dollfuss, og etter han var blitt drepen, Kurt Schuschnigg, begge opphavleg frå det Kristeleg-Sosiale Partiet, som raskt blei integrert i den nye austrofascistiske rørsla.

Austrofascismen var delvis basert på Mussolini sin italienske fascisme og delvis på konservativ politisk katolisisme (klerikalfascisme). Grunnlaget var det Kristeleg-Sosiale Partiet sitt Korneuburgprogram frå 1930, som gjekk inn for å avskaffe den demokratiske grunnlova og det parlamentariske demokratiet, og erstatte dei med ein autoritær stenderstat.

I mars 1933 begynte Dollfuss gjennomføringa av dette programmet, gjennom undertrykkande tiltak mot det austerrikske sosialdemokratiske partiet SDAP (no SPÖ), noko som førte til Oppstanden i Wien i 1934. Etter at denne arbeidaroppstanden var slått ned, og demokratiet heilt avskaffa, fekk landet ei ny grunnlov etter austrofascistiske prinsipp, som var gjeldande inntil Anschluss i 1938.

Somme har i ettertid ikkje villa bruka termen austrofascisme om dette regimet, men regimet bruka det faktisk om seg sjølv. Det var altså ikkje berre venstresida som bruka det om sine fiendar på høgresida. Det som ikkje kan nektast, er at regimet var eit diktatur, som blant anna sette motstandarar i konsentrasjonsleirar kalla Anhaltelager.

Det Austerrikske Folkepartiet ÖVP, det største borgarlege partiet i landet, er etterkommaren etter det Kristeleg-Sosiale Partiet som etablerte diktaturet.

Austrofascismen kan sjåast som eit forsøk frå den reaksjonære politiske katolisismen på å vende tilbake til tida før ideane frå Den franske revolusjonen, før demokratiet.