Avisa Møre
Møre | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Lokalavis | ||
Org.nummer | 910031031 | ||
Grunnlagd | 1810 | ||
Grunnlegger(ar) | Mauritz Aarflot | ||
Språk | Norsk | ||
Nettstad | https://mre.no (nynorsk) |
Møre er ei avis som vert utgjeven i Volda på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Avisa er rekna som den fyrste lokalavisa som vart starta i Noreg. Fyrste redaktør var Sivert Aarflot (1759–1817), som starta avisa på Ekset i Volda i 1810. Avisa fekk frå starten namnet Norsk Landboeblad. Andre namn på avisa har vore Landboe-Avisen, Postbudet, Møringen og Ugebladet. Familien Aarflot sit framleis i leiinga av avisa. Avisa Møre blir utgjeven av Aarflots prenteverk AS. Trykkeriet vart grunnlagt av Sivert Aarflot i 1809. Tore Aarflot og dottera Tonje Marie Nupen Aarflot tok over avisa i 2013. Tore er redaktør/dagleg leiar, medan Tonje Marie er journalist og har ei sentral rolle i administasjonen.
Avisa Møre vert redigert på nynorsk.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag
|
---|---|
2004 | 3 775 |
2005 | 3 746 |
2006 | 3 759 |
2007 | 3 752
|
2009 | 3 722 |
2010 | 3 690 |
2014 | 3 373 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |